Ti bokfavorittar på nynorsk frå 2017
Her er nokre av bokfavorittane til bokmeldarane til Framtida.no i året som har gått.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Øyvind Vågnes, Vesaas (roman, Oktober forlag)
For tre år sidan flytta Jon inn i eit gamalt hus i Vinje under eit mislukka forsøk på å skriva ein biografi om Tarjei Vesaas. No blir han invitert tilbake for å hjelpa til med oppstarten av eit nytt Vesaas-senter i heimbygda til forfattaren. Dette er utgangspunktet for forteljinga som Vågnes stilsikkert faldar ut i Vesaas – ein smart, sår og morosam roman om kva litteraturen betyr for livet, og livet for litteraturen. Runar B. Mæland
- Les bokmeldinga: Smart og sårt om Vesaas
Kjersti Wøien Håland, Kom og hent meg (dikt, Flamme forlag)
Alle ventar på noko – at noko skal ta slutt, at noko skal byrja, at nokon skal komma og gjera alt annleis. Kjersti Wøien Håland har skrive ei samling med eigenarta, ofte morosame dikt og prosastykke som formidlar kjensla av venting som ein eksistensiell grensetilstand, anten ein ventar på frelse, undergang, kjærleik eller berre bussen. Med eit konsist, drivande språk drar den unge diktaren frå Høyanger lesaren inn i situasjonar der nokon «står på grensa og vippar / mellom lukke og ulukke … med fingrane gjennom nettingen». Runar B. Mæland
- Les intervjuet frå 2014: Kjersti Wøien Håland fossar fram
James Joyce, Dei døde (novelle, Skald forlag)
Dei døde frå 1914 blir av mange rekna som verdas beste novelle er tredje bok og kom i vår gjennom SKALD-serien med verdsklassikarar. Det er Jon Fosse som har omsett boka på ein måte som gjer at ein skulle tru boka var skrive på nynorsk. Forteljinga passar godt å lesast no i jula, då ho tar utgangspunkt i eit årleg juleball heime hos dei to gamle tantene til hovudpersonen, Gabriel. Novelle som avslutta samlinga Dubliners inneheld alt som gjer Joyce til ein stor forfattar. Les, les! Svein Olav B. Langåker
Robert Musil, Tre kvinner (noveller, Skald forlag)
Denne vesle, lyseblå boka er den førebels siste i serien med litterære verdsklassikarar i nynorsk omsetjing – ein serie som mellom anna har gitt oss Mary Shelleys Frankenstein og Franz Kafkas Forvandlinga. Til liks med Kafka skreiv Musil tidleg modernistisk litteratur på tysk i byrjinga av 1900-talet, og dei tre novellene i Tre kvinner er omsette av Frankenstein-omsetjar Øystein Vidnes. Han har gjort ein framifrå jobb: Språket er poetisk og klårt, sjølv når novellene på krevjande vis loddar stemningar i samtida og sjelelivet. Runar B. Mæland
- Les òg: Skald startar nynorsk bokklubb
Lars Mæhle, Jag är Supermann (kollektivroman, Samlaget)
«Jag är Supermann» er ei samling av historier som kan lesast kvar for seg, men som òg kryssar kvarandre, og held oppe spenninga i boka. Ungdommane i boka har kvar sine draumar og håp. Gjennom måten Lars Mæhle følgjer ulike ungdommar i kvar historie, frå kvar sin synsvinkel, kan det minna om SKAM – ein SKAM for bygda. Det er medfølande og innlevande. Og klokt skrive. Gjennom historiene viser forfattaren kor lite me eigentleg veit om kvarandre. Les heile bokmeldinga her! Svein Olav B. Langåker
Ingunn Thon, Ollis (roman, Samlaget)
Sjeldan har eg blitt så rørt av ei bok, som i denne siste delen av Ollis. Bokdebutant Ingunn Thon skriv godt og hjartevarmt om modige Ollis sin leit etter sin plass i familien i denne morosame og fantastifulle forteljinga for born. Ei stor misforståing skrur opp dramaet i boka på slutten. Ollis må visa eit stort mot gjennom all den hjarteskjerande fortvilinga ho går gjennom. Svein Olav B. Langåker Les heile bokmeldinga her!
Maria Parr, Keeperen og havet (roman, Samlaget)
Endeleg kom Maria Parr med ei ny bok denne hausten, med ein oppfølgjar til Vaffelhjarte – tolv år etter debutboka. Tida går ikkje så fort i Knert-Matilde. No er Trille og Lena tolv år. Lena er ikkje nøgd med fotballtrenaren, og så kjem det ei ny jente til bygda. Boka er spennande med mange morosame episodar, og viser kor handlekraftige og modige barn kan vera. Boka fekk fullt fortent Brageprisen i år! Svein Olav B. Langåker Sjå intervju med Maria Parr her!
Alf Kjetil Waglermo, Røff guide til Bibelen (faktabok, Samlaget)
Korleis skriv ein om Bibelen slik at det som står der blir gjort mest mogleg tilgjengeleg for flest mogleg? Eg er freista til å svare: nøyaktig slik det er gjort i Røff guide til Bibelen. Walgermos bok er ikkje berre ein guide til kva som står skrive i Bibelen, men og til korleis boka er blitt lesen og kva slags kulturelle avtrykk ho har sett. Han har funne den rette balansen mellom det faglege og det personlege, slik at boka verken blir for tung eller for overflatisk. Øivind Nygård Les bokmeldinga her!
Øystein Runde, Stamceller. Kroppens superheltar (faktabok, Gyldendal)
Øystein Runde teiknar og fortel om stamceller i denne fornøyelege faktaboka i teikneserieformat. Det er interessant og spennande for både barn, unge og vaksne kunnskap om eit tema som mange ikkje kjenner noko særleg til, men som vil bli veldig viktig i framtida. Svein Olav B. Langåker Les intervju med Øystein Runde her!
Sturla Bang og Hilde Kvalvaag, Under (roman, Samlaget)
Under er ein spennande ungdomsroman med sterke kvinnelege karakterar, som på mange måter liknar på Suzanne Collins’ «Dødslekene». Hovudpersonen har ei lillesyster som ho må redde og ein revolusjon ho må leie. Under er den første boka i triologien Søsteranarkistane. Den er så stappa med action-fylte augeblikk at ein blir nærmast andpusten av å lese. Ragnhild Sofie Selstø Les bokmeldinga her!