Staten seier nei til KI-bøker

Litteratur som er heilt eller delvis generert av kunstig intelligens, får ikkje statleg støtte, ifølge nye retningsliner.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Kulturrådet har lansert nye retningsliner for støtte til litteratur, og for innkjøpsordningane til norske bibliotek.

Dei nye retningslinene slår fast at bøker som er heilt eller delvis framstilte av kunstig intelligens, ikkje kan kjøpast inn på innkjøpsordningane, eller få prosjekt- eller produksjonstilskot.

Det same gjeld for illustrasjonar.

Kan brukast som støtte

Kulturrådet forklarar at teksten vert rekna som «delvis framstilt av KI» dersom ein har brukt KI til å fylle ut, skrive om eller omsette delar av teksten.

Det inneber til dømes å skrive ein overgang, utvide eit avsnitt eller føreslå ei avslutning.

Ein kan likevel bruke KI som støttefunksjon til arbeidet, til dømes til korrekturlesing, søke etter synonym, få hjelp til grammatikk eller syntaks, omsetting av einskildord, eller til research, idéutvikling eller som samtalepartnar.

Vernar om menneskeskapt kunst

Kristian Seltun, leiar i Kulturrådet, seier i ei pressemelding at det er eit særleg behov for klare retningsliner for litteraturen.

– Det er viktig for oss å verne om den menneskeskapte kunsten, seier Sigbjørn Skåden, som er medlem i Kulturrådet og leiar i fagleg utval for litteratur.

Flu Hartberg, illustratør og styreleiar i Kunstnerisk initiativ for regulering av kunstig intelligens (KIKI) feirar nyheita i eit innlegg på Facebook.

– Dette er FANTASTISKE nyheiter! Dette viser alle hengehuer som trur det ikkje nyttar å engasjere seg mot KI-galskapen, at dei tar feil! Vi KAN krevje at menneske vert sette framfor robotar, skriv han.

Illustratør Flu Hartberg heldt innleiing på vegner av KIKI – Kunstnerisk initiativ for regulering av kunstig intelligens, då Humanistisk Ungdom delte ut verstingprisen Tenkekassa i haust. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Tarveleg

Fleire norske forlag har dei siste åra vorte kritiserte for å bruke KI til kreativt eller redaksjonelt arbeid.

Aschehoug brukte KI for å omsette dei populære Heated Rivalry-bøkene, for å få dei fort ut på marknaden på norsk. Bonnier Norsk Forlag sa i vår at dei har brukt KI til å omsette meir enn ti bøker frå engelsk til norsk.

– Desse bøkene ville ikkje komme ut om vi måtte ha omsett på den tradisjonelle måten. Det ville rett og slett ikkje vore lønnsamt, sa seniorredaktør Ingrid Eia Ryvarden i Bonnier til Klassekampen då.

Bonnier var òg i hardt vêr då dei publiserte den nye barneboka til Unni Lindell, Frøken Snushane og Himmelhuset. Då var nemleg framsideillustrasjonen laga av KI.

– Det er usolidarisk, kynisk, tarveleg og stygt, sa Flu Hartberg i KIKI til Klassekampen.

Alle desse tilfella utgjer tydelege brot med dei nye retningslinene.


Les også: Fryktar at KI vil medføra søppel tilsvarande 250 Eiffeltårn årleg

Ein samling av søppel, mykje elektronisk avfall

Forskarar fryktar at den auka bruken av kunstig intelligens vil føra til store mengder søppel. Foto: Muntaka Chasant / Wikimedia Commons / CC BY-SA 4.0