Omsettar Øystein Vidnes er imponert over kor framsynt den 19 år gamle Mary Shelley var då ho for 200 år sidan skreiv Frankenstein eller den moderne Prometevs.

Faktaboks

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om verdsklassikarar i nynorsk omsetjing. Les fleire artiklar i serien her!
Artikkelserien er støtta av Norsk Kulturfond.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Mary Shelley var politisk radikal. Det er mykje feminisme og idear om sosial utjamning i tekstane hennar. Ho var kontroversiell i samtida, seier forfattar og omsettar Øystein Vidnes.

Førre veke lanserte forlaget SKALD den andre boka i serien med nyomsette verdsklassikarar. Den prisløna omsettaren Øystein Vidnes har fått bryna seg på ei av verdas mest populære skrekkhistorier. Men Frankenstein eller den moderne Prometevs er mykje meir enn ein gal professor og ein mann med påsydd hovud.

– Gleda ho viser over å bruke fantasien er heilt fantastisk. I tillegg er ho oppdatert på heilt nye vitskaplege ting på den tida. Eg ville finne tilbake til korleis ho tenkte. Ho var ein nytenkjar med mange idear, seier Vidnes om forfattaren.

LES OGSÅ: Debuterer med jærkrim på eige forlag

Tidleg sci-fi
Då Mary Shelley (1797-1851) skreiv boka om «å skape liv av kaos» var ho berre 19 år gamal. Den første versjonen kom ut anonymt i 1818, men Shelley stod som forfattar på andreutgåva i 1831, då som ei av dei første kvinnene som ikkje skreiv under pseudonym.

Ifølgje Vidnes var Shelley ein nytenkjar. Den gotiske historia om Frankenstein og hans livsverk vert rekna som den første science-fiction-romanen.

Den første norske omsettinga av Frankenstein kom i 1976, men både samfunnet og det engelske språket har endra seg ein del sidan førsteutgåva av romanen. Å finne den rette melodien i teksten var difor ikkje berre lett, fortel Vidnes. For omsettaren har det vore viktig å vere tru mot originalen og den særeigne melodien i språket, samstundes som det skal vere lesbart for dagens publikum.

Tittelbilde frå den reviderte utgåva frå 1831. Foto: Wikimedia Commons.

Viktig bok
Før han fekk oppdraget hadde ikkje Vidnes lest romanen, men kjente som dei fleste andre til hovudtrekka i historia gjennom ulike filmatiseringar.

Monsteret vert ofte titulert som Frankenstein, noko som ikkje stemmer. Det er i staden forskaren Victor Frankenstein som har gitt namn til romanen. Han er besett av å skapa liv, og lykkast til slutt med eksperimenta sine. Resultatet var ikkje heilt som han hadde håpa. Skapningen vaknar til liv, men Frankenstein overlèt monsteret til seg sjølv fordi det er så stygt.

– Denne ansvarsfråskrivinga skapar vondskapen som monsteret lir av, forklarar Vidnes.

I tittelen viste forfattaren til namnet Prometevs, inspirert av ei gresk myte om ein gud som stal ild frå Zevs. Straffa sendte Zevs forkledd som ei gåve med den vakre Pandora. Prometevs, som betyr «den forut kloke», skjøna at han ikkje burde opna Pandoras eske. Det gjorde derimot ikkje bror hans Epimetevs, som opna eska med all verdas sjukdommar og ulukker.

–  For meg er boka mykje viktigare enn filmane. Historia er utruleg frisk og rørande, spesielt når ein får høyre den frå monsteret sitt synspunkt. Han prøver å appellere til menneska si medkjensle, men fordi han er så stygg får han ingen å vere saman med. Eg trur mange kan kjenne seg att i den enkle og rørande historia om ein outsider, seier han.

LES OGSÅ: Då Fosse las Kafka, endra det synet hans på verda

– Kva er det med Frankenstein – eller den moderne Prometevssom gjer boka så udøyeleg?

– Det er utruleg å sjå korleis Mary Shelley tenkte på den tida og kor framsynt ho var kring problemstillingar som framleis er aktuelle. Sjølv om det er ei gamal historie, som er ganske rar, så er det myke som peikar framover. Det handlar om mennesket sitt ansvar for naturen og det dei sjølv har skapt. Me har skapt ein del ting som set spor i verda. Sjølv om det ikkje handlar om levande vesen, er det ikkje umogleg at det skjer i framtida. Men det kan òg handla om alle andre typar ting me har skapt, som på sett og vis får sitt eige liv, svarar Vidnes.

Det store spørsmålet
– Så kven er dagens Frankenstein?

– Ein kan seia at oljeindustrien er dagens Frankenstein. Måten me menneske brukar naturressursar på er ein form for ting som lever sitt eige liv. I teorien kan me ta kontroll over det, men me gjer det ikkje fordi vil koste oss for mykje. Det er det som har skapt klimakrisa. På same måte kan Victor Frankenstein gjere noko med dette monsteret sin vondskap, men det vil kosta han for mykje, avsluttar han.

LES OGSÅ: Frøydis (14) skal skrive ein roman på 30 dagar

Oppdatert: laurdag 28. oktober 2017 14.42

Kommentarar

ANNONSE