Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bokmelding: Sterkt og sårt om Vesaas

For tre år sidan flytta Jon inn i eit gamalt hus i Vinje under eit mislukka forsøk på å skriva ein biografi om Tarjei Vesaas. No blir han invitert tilbake for å hjelpa til med oppstarten av eit nytt Vesaas-senter i heimbygda til forfattaren.

I arbeidsgruppa for det nye senteret møter Jon den karismatiske prosjektleiaren Hermine og meir eller mindre entusiastiske representantar for kommunen, sparebanken og andre lokale krefter. Tvilen frå det ufullendte arbeidet med biografien kjem snart tilbake, og Jon byrjar å lura på kva han i det heile tatt gjer i Vinje.

Tvilen blir forsterka av at medlemene i gruppa er temmeleg ueinige om retninga for senteret. Skal det først og fremst ta vare på arven etter Vesaas, eller lokka turistar til Vinje? Skildringane av komitéarbeidet har parodiske innslag, særleg Hermines mange spenstige forslag: Kva om turistane kan stiga inn i det gamle skriverommet til Vesaas – og møta forfattaren sjølv som hologram?

Midtbø, garden til Tarjei og Halldis Moren Vesaas, skal bli eit moderne opplevingssenter i Øyvind Vågnes’ roman. Foto: Signe Marie Kittelsaa / Vinje kommune

Etter kvart får boka ein meir alvorleg tone. Jon får eit skjelsetjande møte med sin eigen farfar i margane i dei gamle Vesaas-bøkene han har arva, og ei inneslutta jente får eit pirrande møte med ei anna jente på nettet. Ulike forteljingar blir fletta saman, og forteljinga til Vågnes blir fletta saman med dei klassiske forteljingane til Vesaas.

Romanen reflekterer godt over interessante spørsmål: Kva betyr livet til forfattaren for litteraturen, og kva kan litteraturen bety livet til ein lesar? Utan å røpa for mykje blir også leiting eit sentralt tema, både i konkret og overført tyding: å leita etter seg sjølv, røtene sine, etter sanninga, etter kor ein høyrer til.

Den første delen av boka, om arbeidet i komiteen for det nye Vesaas-senteret, er frisk og festleg. Mest spennande blir boka i andre del, om sommaren Jon brukar på Rauland tre år tidlegare. Den tredje, korte delen gir boka ei fin avrunding.

Kva betyr livet til Tarjei Vesaas (1897–1970) for litteraturen hans? Foto: Leif Ørnelund / Oslo Museum

Vesaas er både smart, morosam, sår og tankevekkjande. Du treng ikkje vera Vesaas-ekspert for å ha glede av henne, men om du ikkje har gjort det før, kan du nok bli freista til å leita fram Isslottet, Fuglane, Vårnatt og andre klassikarar etter å ha lese Øyvind Vågnes’ gode roman.

Desse korte setningane, frå skildringa av eit møte i arbeidsgruppa, kan stå som ein smakebit til slutt:

«Suksess og image, tenkjer eg beiskt og kastar eit blikk på dei andre rundt meg. Kalkulasjon og strategi.

Finst det ord som er fjernare frå Vesaas sitt litterære univers?

Frå farfars Vesaas, frå denne eigne lukta dei herja bøkene hans hadde, med sine tause, innestengde spor.

Frå det som også blei min Vesaas.»

Fakta

Vesaas

Øyvind Vågnes

Roman, 250 sider

Tiden, 2017