Leikar med personifiserte stamceller

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han har skrive teikneseriebok om stamceller

«Hei! Eg er Øystein, og eg skal fortelje deg litt om stamceller.»

Slik byrjar historia til Øystein Runde om stamcellene. Barneboka med tittelen Stamceller kroppens superheltar kom ut på tidlegare i vår og har alt hausta gode skotsmål både frå barn og vaksne.

– Målgruppa er eigentleg barn frå ti år og oppover, men eg opplever at både yngre barn og vaksne har glede av boka, fortel forfattar Runde

Boka, som kombinerer teikningar og humoristisk språk, tek for seg korleis celler generelt og stamceller spesielt fungerer. Eit innhald som verkar vanskeleg blir med andre ord gjort meir tilgjengeleg.

Ideen blei til på slump

Runde vaks opp i Ulsteinvik på Sunnmøre. Han skildrar barndommen som viktig for korleis han jobbar som forfattar og illustratør i dag. Ein spesiell augneblink frå barndommen hugsar han spesielt godt.

– Det var den dagen eg innsåg at dinosaurar faktisk hadde eksistert. Det var noko med å innsjå at noko så sprøtt har gått rundt på landjorda. Når du er liten lærer du fort at dragar og monster ikkje finst, det er del av å lære å skilje mellom fantasi og fakta. Men så får du vite om dinosaurar, og så er du ikkje trygg på noko lenger. Topp!, synest forfattaren sjølv.

Då Runde sette i gang arbeidet med boka om stamceller, hadde han i utgangspunktet heilt andre planar.

– Planen var å lage ei rein fiksjonsbok. Eg var tildelt eit stipend, men fekk beskjed om at stipendet ikkje var tiltenkt fiksjonslitteratur. Så datt det ut av meg at eg godt kunne lage ei faktabok om stamceller.

Boka til Runde er eit resultat av mange timar research.

– Sjølve boka tok mindre tid å lage enn nokre av dei andre serieromanane mine. Mykje av fundamentet var lagt frå før.

I arbeidet med boka har Runde fått god hjelp frå forskarane Cecilie Gjerde og Kamal Mustafa. Runde skildrar samarbeidet som svært godt, dei to har vore med på heile prosjektet.

– Cecilie likte ideen med ein gong eg tok kontakt. Forskarar flest har ei slags barnleg glede knytt til fagfeltet dei jobbar med, fortel han.

Teikningar gjer kompliserte tema lettare å forstå

Boka til Runde har eit breitt persongalleri. I tillegg til faktiske personar blir celler, ein gris, ei gammal dame i rullestol og ein 3D-printar personifiserte gjennom teikningane til Runde. Det er dette rikhaldige persongalleriet som tek oss med inn i verda til stamcellene og på ein lettfatteleg og humoristisk måte forklarer komplekse samanhengar i kroppen.

Stamcellene er heltane både i verkelegheita og i boka til Runde. Foto/Teikning: Øystein Runde

– Det fine med å fortelje med teikneseriar er at du kan lese så fort du vil om det er eit tema du kan og så seint du vil om det er eit tema du ikkje kan. Teikneseriar er rett og slett ein effektiv måte å fortelje på, seier forfattar Runde.

Alt frå 6-årsalderen byrja han å lage historier på denne måten.

– Eg hugsar eg hadde ein ide om ein planet med søte kattevesen. Eg prøvde å få det ned på papiret og eg gav meg ikkje før eg fekk det heilt slik eg såg for meg i hovudet mitt. Det var starten.

Språk spelar òg ei sentral rolle i arbeidet til Runde. Nynorsken er har alltid spelt ei rolle i livet hans, likevel gir han ut bøker både på nynorsk og bokmål.

– Nynorsken er viktig for meg, men mest av di eg er glad for å ha mange verktøy å velje mellom. Eg er oppteken av at språket skal passe med både universet og karakteren, seier han.

Samspelet mellom forteljing og språk ser ein att om ein tek ein kikk på dei tidlegare bøkene til forfattaren. Bokserien om vikingen Olav Sleggja er på nynorsk, medan bøkene om dei fire store (Ibsen, Bjørnson, Kielland, og Lie. journ. anm.) er på bokmål.

– Språket eg vel, pregar universet eg skapar. Det er kjekt å vere god i nynorsk når eg lagar vikingserie, og det er kjekt å skrive arkaiske riksmålsreplikkar som Ibsen kan seie når han slåst mot zombiar.

Øystein er sjølv ein av karakterane i boka. Foto/Teikning: Øystein Runde

Fleire av komponentane i kroppen blir levande i boka til Runde. Her ser vi ein gjeng hudceller få fargestoff. Foto/Teikning: Øystein Runde

Fakta frå boka

  • Stamcellene får signal frå kroppen når den er skadd eller ting ikkje fungerer som dei skal
  • Stamcellene har den eigenskapen at dei kan omdanne seg til andre type celler. Til dømes kan dei bli til hudceller om ein har eit ope sår.
  • Ein japansk forskar, Shinya Yamanaka, la i 2006 fram ein forskingsrapport som synte korleis ein ved hjelp av retrovirus kan aktivere genane som er aktive i stamceller og «sovande» i vaksne celler.
  • Ved hjelp av forskinga til Yamanaka kan ein no gjere vaksne, spesialiserte celler om til stamceller.
  • Professor Kamal Mustafa ved Universitetet i Bergen og tannkirurg Cecilie Gjerde forskar på stamceller. Gjerde har klart å få tapt kjevebein til å gro tilbake, ved å blande stamceller og bikalsiumfosfat og halde blandinga på plass rundt kjeven.
  • Framtida for Gjerde og Mustafa er å sjå om dette kan bli gjort andre stader i skjelettet.