Stjerneforfattaren deler skrivetips med unge forfattarspirer.
Sara Slålie Cvijetic og Siri Helle
Sara Slålie Cvijetic og Siri Helle
MARIA PARR

• Maria Parr (fødd 18. januar 1981) er ein barnebokforfattar frå Fiskå i Vanylven.

• Maria Parr har mastergrad nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen.

• Parr debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel. Boka er omsett til fleire språk.

• I 2009 gav ho ut andreboka Tonje Glimmerdal som var selt til fem land før ho kom på norsk, og som ho fekk Brageprisen for i 2009.

• I 2011 vart Vaffelhjarte filmatisert for NRK.

• Hausten 2017 kom boka Keeperen og havet, som allereie er nominert til Brageprisen.

LES FAKTALUKK FAKTA

Maria Parr skriv barnebøker som har blitt omsette til kring 30 språk.

Oppfølgjaren Keeperen og havet kom tidlegare i år.

Parr deltok sist torsdag i eit bokbad på Falturiltu-festivalen i samarbeid med musikklinja ved Stord vidaregåande.

– Eg tenker at uansett kva du vil bli som vaksen er det viktig å ha interesse for yrket. For å bli forfattar må du ha det bra når du skriv.

Maria starta å skriva når ho gjekk på vidaregåande, og synest ungdommar er i ein alder som vert undervurdert.

– Eg er glad eg starta å skriva når eg var så ung. Hjernen til tenåringar vert undervurdert, fortel Parr under bokbadet.

– Det er ingen som tenkjer slik som folk på dykkar alder, og det vil eg berre at de skal ta til dykk.

Inspirert av kjenslene

Parr fortel at ho har mykje fantasi, men at det ofte er kjenslene hennar som inspirerer ho.

– Ofte når eg vert veldig sint eller lei meg, kjenner eg for å skriva.

Maria Parr og Astrid Lindgren

Parr blir ofte samanlikna med Astrid Lindgren, noko ho tykkjer er merkeleg. Ho seier at ho skjønner korleis folk kan tenkje det, men ho sjølve ser store forskjellar. Astrid Lindgren er ein forfattar ho verdsett høgt, og Lindgren er inspirasjonen til at Parr begynte å skriva bøker.

Parr begynte på «Vaffelhjarta» då ho gjekk på ungdomsskulen, og ho debuterte med boka i 2005.

Parr seier at ho tykkjer det er vanskeleg å skriva før ho har eit konkret prosjekt. Ho har ingen nye prosjekt enno, og seier at ho trur ho er den treigaste norske forfattaren til å komme ut med bøker.

– Dei viktigaste bøkene

Under bokbadet fortel Parr at ho synest barnebøker er dei viktigaste bøkene.

– Eg synest det er så bra med eit slikt arrangement som dette! Det er kjempestas å få komme hit og møte unge menneske. Eg starta jo å skriva når eg var like gamal som de er no, fortalde ho.

Tips til unge forfattarar

Til sist har Parr nokre gode tips til unge forfattarspirer.

– Når ein les noko ein synest er bra, så kan ein gjerne stoppa opp og spørja seg sjølv kvifor dette er så smellbra. Analyser teksten og finn ut kva som gjer den så bra! Ein treng absolutt ikkje å ha toppkarakter i norsk for å bli ein god forfattar. Les og skriv mykje, så vil mykje komma av seg sjølve!

Ho presiserer at det er viktig å ha det bra når du skriv, for det er med på å utvikla gode produkt.

LES INTERVJU MED MARIA PARR: – Alle barndommar er like viktige

Kommentarar

ANNONSE