Å ikkje kjenne Bibelen er kulturell analfabetisme

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi må lese meir i Bibelen

Då eg studerte nordisk språk og litteratur ved universitetet i Bergen, sa forelesaren ein gong at vi måtte lese meir i Bibelen. Eg synest dette var overraskande å høyre. Kva var det han meinte? Det var neppe eit forsøk på å evangelisere og gjere oss til kristne. I staden hadde appellen ein meir allmenn karakter: Det finst ei bok som har forma kulturen vår meir enn alle andre bøker. Denne boka er Bibelen.

Å kjenne Bibelen er ein nøkkel for å forstå kulturen ein er ein del av, og såleis også for å forstå seg sjølv. Å ikkje kjenne Bibelen er på den andre sida ein slags kulturell analfabetisme. Men kva er det eigentleg som står skrive i denne vidgjetne boka?

Det vil ein vite ein heil del meir om etter at ein har lese Alf Kjetil Walgermos bok Røff guide til Bibelen utgjeve av Samlaget. Det er ei omfangsrik oppgåve Walgermo har tatt på seg. Ikkje berre består Bibelen av 66 bøker i tillegg til sju såkalla apokryfe bøker (som er ein del av Den heilage skrifta til katolikkar, ortodokse og anglikanarar, men ikkje lutheranarar). Bibelen har og ei tolkings- og verknadshistorie som går over fleire tusen år. Walgermos bok er ikkje berre ein guide til kva som står skrive i Bibelen, men og til korleis boka er blitt lesen og kva slags kulturelle avtrykk ho har sett.

  • Les intervju med forfattaren: Politisk inspirasjon frå Bibelen

Frå første til siste side er Bibelen framfor alt rik på historier. Som regel er dei korte i omfang og konsist fortalde, men med umåteleg eksistensiell tyngde og djupne. Fortellingane om syndefallet i Edens hage, om Kain som i misunning slår i hel broren Abel, om Noa og flaumen, om tårnet i Babel, om Abraham som på Guds befaling skal ofre sonen han elskar, Isak, om Jakob som slåst med Gud, om drøymaren Josef, om Moses og lova, om David og Goliat, David og Saul, David og Jonatan, David og Batseba, om Job og det vondes problem, alle Jesus sine udøyelege likningar, om Gud som gjennom heile Bibelen søker fellesskap med menneska, enten dei vil eller ikkje, og som på eiga hand er villig til å gjere det som trengst for å få dette til, og til slutt endar opp med å gi sonen sin, late han døy på ein kross, bli lagt i ei grav, og stå opp igjen for at kvar den som trur på han skal ha evig liv, er alle fortellingar som har engasjert menneske til alle tider.

Og sjølv om Bibelen inneheld ein del sterk kost, har han framfor alt vore ei utømeleg kjelde til livstolking, håp, trøyst, tru og liv for millionar av menneske.

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) frå Sunnmøre er forfattar og journalist. Foto: Agnete Brun / Det norske samlaget

Walgermo har funne den rette balansen mellom det faglege og det personlege

Bibelen er med andre ord vel verdt å lese, men korleis skriv ein om Bibelen slik at det som står der blir gjort mest mogleg tilgjengeleg for flest mogleg? Eg er freista til å svare: nøyaktig slik det er gjort i Røff guide til Bibelen. Alf Kjetil Walgermo har rikeleg med kunnskap om stoffet, som han deler med lesaren i høvelege porsjonar. Han har funne den rette balansen mellom det faglege og det personlege, slik at boka verken blir for tung eller for overflatisk, og heile tida ber preg av å vere skrive av eit levande menneske. Han behandlar bibelteksten med respekt, men går ikkje på nåler sjølv om det er det heilage han nærmar seg.

Utvalet av kva som blir omtala er og godt. Alt som må vere med, er med, samstundes som Walgermo finn høve til å trekke fram interessant småplukk av forskjellig slag. Dessutan har han og ein fin og særeigen måte å skrive på. Det finst ein måte å skrive på som er oppfunnen for at den som skriv skal sleppe å vere synleg i teksten. Walgermo skriv derimot med utildekt ansikt. Han er sjølv til stades i teksten, skriv godt utan å bli jålete, og gøymer seg ikkje bak inkjeseiande standardsetningar og kulturell ferdigvare.

Alle (heilt) til lags kan ingen gjere med ei bok som dette. Dei mest konservative kristne vil nok meine at Walgermo er ein litt for ivrig bibelkritikar (kor mange av Paulus sine brev er eigentleg skrivne av Paulus?), mens dei største skeptikarane blant oss vil kunne reagere på at boka inneheld for mykje tru og kristendom og slikt. Ja, eg har også sjølv nokre ankepunkt mot enkelte av bibeltolkingane i denne boka som eg brenn etter å få protokollført. Men det får eg ta opp med Walgermo om eg ein gong skulle treffe han. Skulle eg ha kommentert alt her, trur eg ikkje den tilmålte spalteplassen min hos Framtida ville ha romma den bokmeldinga eg då måtte ha skrive.

Fakta

Røff guide til Bibelen

Alf Kjetil Waglermo

Sakprosa

Samlaget, 2017