Bokmelding: «Under»

Til trass for at boka er ei blanding av tre ulike språk, har forfattarane lykkast i å skrive ei fengande, action-fylt bok.

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Likar du «Dødslekene» likar du denne!

Ela har vokst opp på ein barneheim i framtidige Kina. Historien er satt så langt fram i tid at vår framtid blir deira fortid. Det har vore mange revolusjonar og sivilisasjonar som har gått til grunne.

I likskap med alle andre jenter jobbar Ela på ein fabrikk styrt av Ingmor. Ho er ein leiar som styrer med ein kvalmande søt jernhand. Ho er moderleg og vakker, men under hennar vakre fasade skjer dei grusommaste tinga. Og det oppdagar Ela, som blir starten på eit stort opprør.

Les fleire bokmeldingar her!

«Under» er ein spennande ungdomsroman med sterke kvinnelege karakterar, som på mange måter liknar på Suzanne Collins’ «Dødslekene». Hovudpersonen har ei lillesyster som ho må redde og ein revolusjon ho må leie. Det er også ein scene kor ein sal av fabrikkjenter reiser seg opp og gjer teikn til støtte for Ela.

Kvalvaag og Bang si bok skil seg ut med å ha eit språk som er ein blanding av nynorsk, svensk og kinesisk. Diverre blir dette til tider til forvirring for lesaren. Sjølv om boka kjem med ei ordliste som forklarar dei nye omgrepa, er det såpass mange er det ikkje alltid er like lett å følgje med.

Det er likevel spennande at forfattarene vel å inkorporere kinesisk, eit framandspråk som blir meir og meir populært i norske vidaregåande skuler. Men det bærer preg av at forfattarane ikkje er så kjende med språket, då nokre av orda er brukt på feil måte.

«Under» er den første boka i triologien Søsteranarkistane. Den er så stappa med action-fylte augeblikk at ein blir nærmast andpusten av å lese. Boka avsluttar midt i kanskje det høgaste spenningspunktet, noko som gjer det vanskeleg å la vere lese neste bok (som det foreløpig ikkje er sett publiseringsdato på).

Likar du «Dødslekene» likar du garantert «Under». Og i likskap med «Dødslekene» gjer blodige skildringar og noko grovt språk (på kinesisk, vel og merke) at denne boka ikkje passar for dei minste.

Høyr forfattarane lese utdrag frå boka i filmen under!