Lars Mæhle skriv klokt og innlevande om kor lite me veit om kvarandre.

mm
Faktaboks

Jag är Supermann
Lars Mæhle
Samlaget, 2017

LES FAKTALUKK FAKTA

Bjørn, Eskil og ei svensk jente dreg ned til elva for å bada. Anders blir besøksvenn for ein gamal grinebitar for å imponera Marianne. Tuva er tvangssend til dalen, for å bli halden unna eit dårleg miljø i Oslo. Det er truleg også ein rømling, i skjul, ein eller annan stad.

«Jag är Supermann» er ei samling av historier som kan lesast kvar for seg, men som òg kryssar kvarandre, og held oppe spenninga i boka.

Ungdommane har kvar sine draumar og håp. Gjennom måten Lars Mæhle følgjer ulike ungdommar i kvar historie, frå kvar sin synsvinkel, kan det minna om SKAM – ein SKAM for bygda. Det er medfølande og innlevande. Og klokt skrive.

Gjennom historiene viser forfattaren kor lite me eigentleg veit om kvarandre.

Språket er godt, sjølv om eg av og til tvilar på om ungdom ville snakka slik dialogen spinn. Men sidan ungdomsspråket heile tida utviklar seg, så er det mogleg det gjer at boka held seg lenger.

Karakterane i boka er frå midten av tenåra til byrjinga av 20-åra. Handlinga er lagt til Sunndal, i heimtraktene til Lars Mæhle. Eg tenkjer boka likevel har noko dei fleste kan kjenna igjen, og læra av.

Les fleire bokmeldingar her!

Oppdatert: tysdag 13. juni 2017 17.48

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE