Kjersti Wøien Håland fossar fram

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I glasvindauga under skiltet, som fortel at her held manus og regilinja til, heng eit avisutklipp. Eit bilete av Kjersti Wøien Håland i gul kåpe.

– Det er ikkje eg som har hengt det der altså, forsikrar hovudpersonen sjølv, og viser veg inn på studiestaden sin.

Der ligg spirande regissørar og produsentar – i alle fall to – strak ut på kvar sin sofa.

LES OGSÅ: – Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom

26 år og to bøker
Framtida.no møter Kjersti på Høgskulen i Lillehammer, der ho går andre året på manusforfattarlinja på filmskulen.

Det er ein skikkeleg grå torsdag 13. november.

Bursdagen til Kjersti.

Ikkje alle 26-åringar kan skilte med to bokutgjevingar – og kalla seg forfattar.

Likevel. Av kullet hennar som gjekk tekstforfattarlinja på Westerdals er det ikkje mindre enn fire som har gitt ut bok.

– Eg føler det kanskje er ein del av mentaliteten i generasjonen vår. At ein berre prøvar på det ein vil, å skrive ei bok for eksempel. Det er ikkje så opphøgd, det handlar berre om å gjere det, seier forfattaren.

Fantastiske Fosse
No er både ho og den tidlegare klassevenninna Amalie Kasin Lerstang nominert til Ungdommens kritikarpris.

Og Jon Fosse då. På dramalinja på vidaregåande skreiv ho særoppgåve om den verdskjende dramatikaren. No andreboka hennar, Dommedøgn, nominert til same pris som Kveldsvævd av Jon Fosse. Det er stas for ein teaterentusiast.

– Me har høyrt om det heile veka no, spøkar manusmakker Jørgen Færøy Flasnes.

Dei to er i full sving med manus til ein tv-serie. Ein dramedy. Kjersti trekk fram HBO-serien Girls som inspirasjon.

I deira tv-univers handlar det om jenter i midten av 20-åra, men på Sørlandet.

Handlinga er lagt til ei bygd, fordi dei begge kjem dei frå mindre stader, men som Kjersti seier: Der det er folk, skjer det ting. Folk har livskriser på små stader òg.

LES OGSÅ: Her er dei beste tv-seriane

Kjersti Wøien Håland
Kjersti Wøien Håland og Jørgen Færøy Flasnes er begge bevisste på kjønnsroller i film og tv.

Stolt feminist
På tavla står det eit premiss: Vår generasjon, som har alle moglegheiter, bortsett frå å feile.

– Eg har lese manusbøker der det står at kvinneroller ofte får mindre rom til å cheate og vere kjipe. Når Betty i Mad Men var utro var det visst kontroversielt, sjølv om Don Draper hadde vore rundt halve byen. Men ta Girls, det er noko heilt anna. Hannah er håplaust narsissistisk. Tidlegare har ikkje jenter sett desse sidene av seg sjølv skildra på film og tv noko særlig, meiner Kjersti, som får støtte av manusforfattarkollegaen. 

Jørgen meiner Hollywood er i ferd med å endra seg med tanke på framstillinga av kvinner. Dei ser det er ein marknad for sterke kvinner, som Katniss Everdeen i milliardfranchisen Hunger Games.

– Me er medvitne på representasjon av kjønn, men det er ei todelt greie. Ein vil vere bevisst på kva som finnes av stereotypar og motbevise dei, men samtidig har karakterane blitt oppdratt i eit samfunn med gitte kjønnsrollemønster som har påverka dei, seier Kjersti, og slår fast:

– Eg er feminist, det kan eg ha sagt med ein gong.

Feminisme var noko som vart snakka om i heimen då ho var lita. Kjersti hadde både lastebilar og Barbie-dokker, som ho teikna brystvorter på for at dei skulle verke meir naturlege. 

Makker Jørgen kan òg trygt kalle seg feminist. Omgrepet er i ferd med å verte stovereint.

LES OGSÅ: Feminisme-testen

Filmen eller boka
Å skrive for tv eller film skil seg frå det å skrive dikt eller romanar. Det er heilt andre rammer i film – strengare rammer.

– Det er så enkelt som at i bøker kan ein landa på ein framand planet med eit romskip, medan ein må faktisk laga det romskipet om det skal på film, seier Kjersti, som godt kunne tenkje seg å prøve seg på science fiction-litteratur. 

Å skrive det er betydeleg billegare enn å filme det.

Utgongspunktet for hennar siste utgjeving Dommedøgn var faktisk eit tv-seriemanus, som ho skreiv som skuleoppgåve på Westerdals. Romanen skreiv ho seinare, då ho nett hadde byrja på filmskulen. Det var både intenst og kjekt.

LES OGSÅ: Akkurat passe kåt

Mannen i media
Ein journalist samanlikna boka med katastrofefilmen Bølgen. Begge verka tek for seg eit katastrofescenario på Vestlandet i Noreg, men utover det er ikkje likskapen slåande. Men så var det dette med Mannen då, som heile Noreg ventar på at skal rase ut.

– Plutseleg vart det voldsomt aktuelt. Etter at boka kom ut var det berre dårleg vêr og flom i nyheitene. Men det er jo alltid mykje vêr på Vestlandet, slår ho fast.

Og ho veit kva ho snakkar om, ho kjem trass alt frå Høyanger.

Kjersti Wøien Håland