Skald startar nynorsk bokklubb

Framtida
Publisert
Oppdatert 28.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan hausten 2016 har forlaget gjeve ut ein serie verdsklassikarar nyomsett til nynorsk. Det er den store interessa desse bøkene har fått som er bakgrunnen for at forlaget no lanserer ein eigen bokklubb for slike bøker.

– Det er tydeleg at serien har møtt eit sakn hos dei som er glade i nynorsk, og fleire har signalisert at dei ønskjer å samla på bøkene. Det er difor vi no lanserer denne abonnementsordninga, seier marknadssjefen i Skald, Åsta Urdal, i ei pressemelding.

Den nye bokklubben for klassikarar på nynorsk blir lansert i samband med at forlaget i desse dagar kjem ut med novella Dei døde av James Joyce.

Det er forfattaren Jon Fosse som har gjeve nynorsk språkdrakt til den kjende novella, og ifylgje forlaget det er første gongen at ein tekst av den verdskjende forfattaren kjem ut på nynorsk.

LES OGSÅ: Sjå Jon Fosse lese Kafka – minutt for minutt