«NYNORSKTALENT» Gaute Eiterjord (25): – Det er lettare å vere løyen på nynorsk

Den klimaengasjerte siddisen bytte først til nynorsk på vidaregåande, og trudde lenge han var den einaste nynorskbrukaren i familien.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gaute Eiterjord (25): – Det er lettare å vere løyen på nynorsk

Gaute Eiterjord er eitt av ti unge «Nynorsktalent», som vil bli presentert på Framtida.no framover. Kåringa er eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som har sete i juryen saman med Norsk Målungdom, Framtida.no og Daniel Kvammen.

– Då eg byrja på vidaregåande, vart eg meir bevisst på dialekt og språk, og innsåg at eg kunne bruke nynorsk utanom nynorskstilane på skulen.

Det fortel Gaute Eiterjord på telefon til Framtida.no. 25-åringen kjem frå bokmålsbyen Stavanger, har gått i bokmålsklassar på bokmålskular heile oppveksten, og har vakse opp i ein bokmålsfamilie trudde han.

Men då han byrja på Stavanger Katedralskule bestemte han seg for å byte målform. Han hadde vorten introdusert for studentmållaget, og endå meir avgjerande: han hadde lese Hobbiten på nynorsk.

– Dei ulike folkeslaga i Midgard snakka med ulike dialektar, og han som hadde sett om hadde gjort seg flid med å finne gode ord, seier Eiterjord og viser til omsetjar Eilev Groven Myhren. 

Eiterjord leitar fram eit eksemplar av Ringdrotten han har ståande i bokhylla heime i leilegheita si, og les eit utdrag frå innleiingsverset høgt:

«Alvar under blåne eig ringane tri. Sju fekk dvergdrottane i salar av stein. Menn, som er saka til dauden, fekk ni. Men drotten for myrkret ein einaste ein.»

– Det er jo utruleg kult! seier han begeistra, før han legg til: 

– Men det var ikkje slik eg byrja skrive til vanleg. 

Slitsamt om du er den einaste

Det var likevel ikkje berre-berre å gå over til nynorsk i regionen der målbyte som oftast går hin vegen.

– Eg hugsar ein gong eg gjekk på skulebiblioteket for å få tak i ei lærebok på nynorsk, men då fekk eg beskjed om at dei ikkje hadde fleire att og ikkje kom til å bestille nokon, så då var eg pent nøydd til å bruke bokmålsboka. 

Gaute Eiterjord bytte hovudmål både på skulen og på SMS: – Då eg byrja sende meldingar på nynorsk til folk eg kjenner, og ikkje på dialekt, så syntest dei det var rart, men ein venner seg jo til det, seier Gaute Eiterjord. Foto: Privat

Eiterjord understrekar kor viktig det er å ha mogelegheita til å nytte sitt eige språk, og fortel at demokratiaspektet ved nynorsken er viktig for han.

– Som nynorskbrukar føler du litt at du står i ein språkkamp, fordi du ofte må hevde rettane dine. Det kan vere slitsamt om du er den einaste, men det kan vere fint om ein står saman med nokon.

Samstundes var det ein annan viktig grunn til at Eiterjord bytte skriftspråk:

– Det er lettare å vere løyen på nynorsk, seier han. 

Han og kjærasten plar spøke med det dei kallar «den underfundige vestlendingen», at dersom folk seier noko på vestlandsdialekt høyrest det litt vittig, klokt og vist ut, uansett kva det er.

Eiterjord peikar på Are Kalvø, og seier seg samd i kåseriet hans om at ein automatisk vert oppfatta som meir interessant enn ein er, dersom ein skriv nynorsk.

– Folk vert meir interesserte for det skil seg litt meir ut. 

Har du ikkje fått med deg Are Kalvø sitt smått lengdariske kåseri om nynorsk?

Gode menneske har ikkje noko mot å lese nynorsk

Då han la om, vart Gaute Eiterjord sitjande mykje med ordboka på eiga hand, for å finne ut kva som var lov og ikkje, og for å finne synonym. Særleg anbehetelse-orda gav han hovudbry, og for nokre av dei utøver han framleis litt småskala sivil ulydnad mot nynorsk-rettskrivinga.

Samstundes merka 25-åringen at det med nynorsk vart kortare veg frå tankane til papiret:

– Eg fann ein måte å skrive på som var nærare slik eg snakkar, og innsåg at måten eg hadde skrive på bokmål verka litt rar. Eg følte mykje av det eg skreiv ikkje vart slik eg meinte det skulle vere. 

Omslag: Aschehoug

Det har tent han godt i ettertid, då han tidlegare i år debuterte som forfattar med boka Klimaopprøret! Kunsten å hamle opp med tafatte politikarar, klimafornektande gubbar og andre nettroll som øydelegg framtida di.

Tanken om å skrive boka på bokmål for å nå flest mogeleg lesarar, streifa han ikkje eingong:

– Dei som først tenker på miljøet er så gode menneske at dei ikkje har noko mot å lese ei bok på nynorsk, seier Eiterjord lattermildt.

Nynorskarv

Framleis lyt Gaute Eiterjord ty til bokmålet i ny og ne – særleg i samarbeidssituasjonar på jobb eller i studiane plar han føye seg etter skriftspråket til fleirtalet. Men då han var leiar i Natur og Ungdom auka nynorskprosenten i organisasjonen gradvis. 

Han minnest ein gong han skulle skrive lesarbrev saman med Holger Schaupitz frå Naturvernforbundet, og fekk eit utkast i innboksen med meldinga:

«Du har vore med på så mange bokmålsinnlegg oppgjennom, så no har eg skrive det på nynorsk».

Shout out til Holger! Det var ganske bra skrive òg, flirer Eiterjord. 

Gaute Eiterjord gav seg som leiar i Natur og Ungdom i januar 2020, etter to år i vervet. Arkivfoto: Bente Kjøllesdal

Då han vart nestleiar tenkte Eiterjord over korleis han kunne bruke dette til å få etablert meir nynorsk i miljøorganisasjonen, og han byrja å skrive sakspapir på nynorsk.

Sjølv etter han har gjeve seg sirkulerer det no nynorske sakspapir, og Eiterjord har fått nyss i at to medlem faktisk vurderer å byte målform sjølve.

– Det er ei fin arv, seier han.

Det verste du kan seie til ein utflytta vestlending

I krinsane Gaute Eiterjord har vanka dei siste åra, er stereotypien at siddisane berre er opptekne av «oljå». Foto: Privat

Dei siste åra har Gaute Eiterjord budd i hovudstaden – først for jobben som leiar i Natur og Ungdom, no for å studere økologi og naturforvaltning hjå NMBU på Ås og arbeide med klimasøksmålet i Høgsterett. 

Nokre hevdar åra i Oslo har sett sine spor, for når han reiser heimover får han av og til høyre at talemålet hans ikkje lenger høyrest ut som stavangerdialekta.

– Det er det verste du kan høyre som utflytta vestlending, seier Gaute Eiterjord og ler, lettare oppjaga av ein slik påstand.

I hans eigne øyre kling orda framleis på reindyrka stavangermål.

Han meiner det er viktig å ta vare på nokre av dei gamle dialektorda heimanfrå, endå mange ikkje vert brukt like aktivt lenger:

Badla betyr rulletobakk. Det er eit ord ein berre lærer om ein går på museum med skulen. Og pillefygert trur eg berre finst i Stavanger, seier han, og viser til lønnefrø, som ofte vert kalla helikopter andre stadar.

– Alle utanfor byen vert rekna som bønder

Eiterjord trur folk fort kan tenkje på Kristoffer Joner eller Mia Gundersen, om dei skal førestille seg dialekta, og at mange trur siddisar gjerne er brautande og gjer mykje ut av seg. Stikk i strid med korleis han sjølv helst er.

Eiterjord trur òg språkstereotypiar er litt av grunnen til at nynorsk ikkje er meir utbreidd i bystroka på Vestlandet:

– Når ein bur i byen vert alle utanfor byen fort rekna som bønder. Ein har fordommar som at dei køyrer traktor og luktar fjøs, så du vil ikkje bruke språket deira. 

Mest avgjerande trur han likevel det er med vanar, og kva haldningar ein møter heime.

Gaute Eiterjord.har mange nynorskføredøme, og ser òg opp til Herborg Kråkevik, Linda Eide, Kristine Tofte, Arnfinn Kolerud og nynorskfaderen sjølv: Ivar Aasen. Kollasj: Framtida.no.

Det var først då han bytte hovudmål at Gaute Eiterjord vart merksam på at han ikkje var eine og åleine som nynorskbrukar i familien.

Mormora frå Karmøy er nemleg eit av nynorskføredøma til 25-åringen:

– Då eg oppdaga at ho hadde brukt mykje nynorsk vart eg veldig glad. Då ho sende bursdagskort eller julekort, så var det alltid veldig godt skrive, minnest han.


Artist og låtskrivar, Synne Vo.
Foto: Thor Håkon Ulstad/WMG Norway