Fylkesvaraordføraren i Rogaland vil ha meir nynorsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein del av vår kultur, språkkultur og identitet, som eg trur har vore dytta ned og ikkje fått den merksemda den fortener, seier Marianne Chesak, fylkesvaraordførar i Rogaland.

Arbeidarpartipolitikaren fekk i april i år gjennom at fylkeskommunen skal vedta nye retningslinjer for språk.

Les også: Kan Stavanger verte Noregs største nynorskkommune?

Nye retningslinjer i desember

Chesak håpar retningslinjene vil vere forpliktande og vil fastsetja at fylkeskommunen skal ha heile 50 prosent nynorsk, sjølv om ho understrekar at ein ikkje kan påleggje medarbeidarar som ikkje er komfortable med målforma å skriva nynorsk.

– I dag er det slik at om du skriv til fylket på nynorsk så får du svar på same målform. Det er det einaste kravet me tek i vare, noko som ikkje er bra, understrekar fylkesvaraordføraren.

Dei nye retningslinjene skal behandlast i fylkesutvalet i oktober og skal etter planen vedtakast i desember i år.

Les også: Forfattar Tore Renberg vert Ap-politikar i heimbyen

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, er glad for tiltaka for å betra kåra for nynorsken i Rogaland. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, er glad for tiltaka for å betra kåra for nynorsken i Rogaland. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Målungdommen vil ha ein tredel nynorsk

Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, rosar initiativet frå Marianne Chesak.

– Det er veldig bra at varaordføraren tek tak i dette. Det er heilt hårreisande at Rogaland ikkje har ein meir konkret språkpolitikk enn i dag, meiner Hope.

Målungdomsleiaren er svært positiv til at fylkeskommunen skal kursa tilsette og sjå på eigen språkbruk, og håpar at språkbruksplanen vert konkret og forpliktande.

– Det er ikkje urimeleg at ein går inn for at ein tredel skal vere på nynorsk, noko som er litt høgare enn statens 25 prosent, seier Hope.

Han tipsar om at fylkeskommunen kanskje kan ha nynorsk som tenestemål frå staten og slik få hjelp til å auka nynorskdelen utanfrå.

Les også: Vestlandsregionen vil bruka nynorsk

Målbyte i Rogaland

Målungdomsleiaren understrekar at skulen må seia frå første dag at: «her har me begge målformer. Me synest det er positivt om de vel nynorsk.»

– I tillegg må dei syte føre at elevane har nynorskbøker frå første skuledag. Dette har elevane rett på etter opplæringslova, men me veit det vert synda mot, seier Hope.

Fylkesvaraordføraren er i likskap med Målungdommen uroa for at mange nynorskelevar i fylket byter til bokmål på vidaregåande.

Chesak vart sjokkert då ho fann ut at fylket gjekk ned frå 23 prosent nynorskelevar i grunnskulen til berre 6 prosent på vidaregåande.

– Slik det er i dag er det som om me passivt motverkar at folk skal velja nynorsk som hovudspråk. Dette er noko me aktivt vil leggja til rette for, seier Chesak.

Ho har vore i samtalar med Noregs Mållag og vil jobba for å sikra at vidaregåandeelevar i fylket har tilgjengelege lærebøker og digitale læremiddel på nynorsk allereie frå dag éin.

– Me må aktivt spør elevane om kven som skal ha nynorsk, i dag får dei ikkje spørsmålet ein gong, seier Chesak.

Les også: Tore Renberg: – Gå heim og gje nynorsken ein sjanse

Hope vil ha nynorskskular

Heilt konkret meiner Hope det kan vera nyttig å sei at nokre vidaregåande skular i fylket er nynorske, til dømes Bryne videregående skole og Strand videregående skole.

Dette trur ikkje Chesak er ein god idé på noverande tidspunkt.

– Me må ta det steg for steg og slik at me kan få eit grunnlag av nynorskelevar, avsluttar ho.