Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gaute Eiterjord er kjend som miljøaktivist og tidlegare leiar i Natur og Ungdom. No har han skrive boka Klimaopprøret med undertittelen Kunsten å hamle opp med tafatte politikarar, klimafornektande gubbar og andre nettroll som øydelegg framtida di.

Klimaopprøret er ein god og lettfatteleg innføring i klimasaka. Boka tek for seg den naturvitskaplege sida ved saka, men òg viktige hendingar for klima- og miljørørsla og ikkje minst korleis ein bør debattere temaet med andre.

Nyansert

Ein bok om klima skriven av ein miljøaktivist kunne lette vorte einsidig og masete, men det er ikkje Klimaopprøret. Sjølv om det aldri er nokon tvil om kva forfattaren sjølv meiner greier han å vere nyansert og vise fleire sider av ei sak. Eit døme på dette er måten vindmøller vert teke opp, boka fortel både om dei positive sidene som fornybar energi og nye arbeidsplassar og dei negative sidene som at vindmøller kan vere skadelege for naturen og dyrelivet.

Gaute Eiterjord har ein god penn og eit god språk. Når han forklarar er det lett å forstå vanskelege problemstillingar og kvifor det å redde klimaet hastar. Eiterjord har eit tydeleg engasjement for saka som lett smittar over på den som les.

Mange gode tips

Viss klimaengasjementet ditt vert vekt av å lese boka og du ønskjer å delta i klimarørsla så har Eiterjord mange gode tips. Han fortel om å organisasjonar og foreiningar du kan verte med i, og han forklarar korleis ein bør argumentere mot klimafornektarar. I tillegg serverer boka ein mengde fakta du kan bruke til å overtyde motstandarane dine.

Det er nok ikkje 100 prosent sikkert at du vinner klimadebatten viss du les Klimaopprøret, men boka er til god hjelp. Dette er boka for deg anten du ønskjer reell makt i klimasaka, vil overtyde ein klimafornektar eller berre er nysgjerrig.

Gaute Eiterjord

Gaute Eiterjord er aktuell med bok. Den tidlegare leiaren av Natur og ungdom studerer no naturforvaltning på Noregs miljø-og biovitskapelege universitet på Ås. Arkivfoto: Ingvill Eide Leirfall

Bok: Klimaopprøret

Tittel: Klimaopprøret – kunsten å hamle opp med tafatte politikarar, klimafornektande gubbar og andre nettroll som øydelegg framtida di
Forfattar: Gaute Eiterjord
Forlag: Aschehoug, 2020
Sjanger: Sakprosa