Berre åtte kinofilmar har hatt nynorsk teksting dei siste 17 åra

Det er naudsynt at begge skriftspråk er synlege i norskspråkleg kino, meiner Språkrådet.

Einar Nygaard
Publisert

Nynorsk er så godt som borte frå norske kinoar, skriv NRK. Språkrådet har nemleg gjort ei oppteljing, og det viser seg at berre åtte av filmane som er vist på kino dei siste 17 åra var teksta på nynorsk.

Åse Wetås i Språkrådet seier til NRK at det er eit kjempestort problem.

Åse Wetås i Språkrådet. Foto: Oda Hveem

– Nynorsk og bokmål er to likeverdige og likestilte skriftspråk. Begge er norske. Og det er naudsynt at begge er synlege i norskspråkleg kino, seier Wetås. 

Norske filmdistributørar har ansvaret for teksting av kinofilmar. Norsk filminstitutt (NFI) er dei som kunne stilt krav om å tekste på nynorsk, men eit slikt krav finst ikkje i dag.

Det er opp til produsentane og distributørane å ta avgjersla, seier Terez Hollo-Klausen. Ho er avdelingsdirektør ved Norsk filminstitutt.

– NFI er positive til meir nynorsk, og vil oppmode produsentar og distributørar til å tekste fleire filmar på nynorsk, seier Hollo-Klausen, og legg til at det er ei kostnadsvurdering produsentar og distributørar må gjere.