Nær halvparten av dei unge kjenner seg einsame under pandemien
47 prosent av ungdom i alderen 16 til 19 år kjenner seg einsame under koronapandemien, viser nye tal frå Opinion.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frå april til november oppgav i gjennomsnitt 37 prosent av dei unge mellom 16 og 19 år at dei var einsame på grunn av koronasituasjonen.
Delen einsame gjekk noko ned i juli, men har auka igjen utover hausten, skriv VG.
Ifølgje rapporten, kan det ha samanheng med meir smitte og strengare smitteverntiltak gjennom hausten.
– Eg trur den auka rapporteringa om opplevd einsemd vil minke når restriksjonane forsvinn, seier Amy Østertun Geirdal, professor og forskar på psykisk helse ved Oslomet, til avisa.
Unge rapporterer mest einsemd
Amy Østertun Geirdal, professor og forskar på psykisk helse ved OsloMet, leier ein internasjonal koronastudie for å sjå korleis folk har det.
– Av dei norske deltakarane rapporterer omlag halvparten at dei opplev psykisk stress. Dei unge rapporterer mest einsemd og dårligast psykisk helse, seier ho til VG.