Franske myndigheiter møter elevkrav: – Me vil ikkje ha halvtiltak
Måndag møtte myndigheitene elevrepresentantar med tiltak for betring av franske vidaregåande skular. Sjølv om nokre av krava er delvis innfridd, ønsker elevane vidare mobilisering.
– I dag forhandlar me med myndigheitene, sa Pierre Sourzat frå elevorganisasjonen Les Lycéens til France Info television på måndag, skriv The Guardian.
Fem veker etter dei enorme elevprotestane i Frankrike byrja, har myndigheitene forsøkt å imøtegå krava til elevane som demonstrerer.
Dei har blant anna kravd mindre klassar, renovering av skulebygg, kortare dagar, slutt på lærarmangel og eit meir rettferdig opptakssystem til høgare utdanning.
Lovnadane til myndigheitene
Utdanningsminister Édouard Geffray lovar fire milliardar euro til å byrje jobben med å reparere skulebygg, etter å ha sagt at nokre skular er så forfalne at dei ikkje er egna til undervisning.
Han har også sagt at klassestorleiken for førsteårselevane, altså dei som er 15 år gamle, ikkje skal overstige 28 elevar på halvparten av skulane i områda med lågast inntekter.
Det same skal gjelde alle dei vidaregåande skulane neste år, ifølgje ministeren.
Han har lova fleire lærarstillingar, og at det skal gjennomgå sjølve skulesystemet.
Opptakssystemet til høgare utdanning, som elevane kallar urettferdig, skal bli endra i 2027 og bli fullstendig erstatta i 2028.
Høgare utdanningsminister Philippe Baptiste vil dessutan opprette 15 000 nye plassar i høgare utdanning, med hovudfokus på yrkesfaglege utdanningar.

Det høgrepopulistiske partiet Rassemblement national har også byrja å demonstrere i Frankrike. Dei demonstrerer mot dei andre demonstrantane, her i Orleans laurdag 24. oktober. Foto: AP Photo/Teresa Suarez
Skal fortsette å demonstrere
Elevane er ikkje nøgde med dei byrjande tiltaka.
– Me står i ein dragkamp, og me ber om mobiliseringa held fram. Me vil ha tiltak, ikkje halv-tiltak, sa Sourzat, ifølgje The Guardian.
Elevdemonstrasjonane har utvikla seg dramatisk, og fagforeiningar og levekostnadsdemonstrantar har tilslutta seg rørsla.
Dei enorme protestane 17. oktober, der det blant anna var ran, brannstifting, hærverk og vald, resulterte i portforbod og demonstrasjonsforbod i fleire franske byar.
Mange tusen har blitt arresterte sidan midten av september, og heile 1300 blei arrestert førre laurdag.
Laurdag 31. oktober er det planlagt ei ny stormobilisering.
Her kan du lese meir om situasjonen i Frankrike:
● Les også: 3000 arrestert under elevprotestar i Frankrike






