Over halvparten føler einsemd under koronaen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Stavanger Aftenblad viser studien ein markant auke i einsemd, og unge og studentar er særleg sårbare grupper.

– Einsemd er ein plagsam og smertefull tilstand som er knytt til kjensle av tungsinn og tomheit. Når einsemda varer lenge, har den ei rekkje negative psykiske verknader som kan utløyse depresjon, gi svekte immunforsvar og høgt blodtrykk, seier professor Asle Hoffart ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo, som er ein av forskarane bak undersøkinga.

Dei som bur åleine eller har psykiske lidingar, har størst grad av einsemd, ifølgje studien, der 10.000 personar har delteke. Det var mykje større einsemd blant personar som har mykje generell bekymring og som grublar mykje.

– Dette påverkar igjen angst- og depresjonssymptom. Dei som gjorde nye positive ting heime var mindre einsame, seier Hoffart.


Les også: Forskar: – Einsemd er like farleg som usunn mat

Mange unge kjenner seg einsame. Foto: Fabrizio Verrecchia, Unsplash