Aurora og Maya går på vgs. i Frankrike: – Skjønner godt at dei protesterer

Dei norske jentene som no er med og demonstrerer i Paris, synest krava til elevrørsla er legitime og viktige.

Mia Huse
Publisert

– Dei er berre barn som kjempar for rettane sine, seier norske Aurora Freyre Hanssen (16) til Framtida på telefon.

Ho og veninna Maya Stenbæk Aakvaag (15) går vidaregåande skule på Lycée Alain Charter i Bayeux i Frankrike.

Dei kjenner seg igjen i skuleforholda som franske elevar har protestert mot den siste månaden.

Maya Stenbæk Aakvaag (15) og Aurora Freyre Hanssen (16) synest ikkje krava til dei franske elevane er urimelege. Foto: Privat

Plyndring og portforbod

Sidan slutten av september har det vore enorme protestar i Frankrike. Det som starta som ei elevrørsle med mål om kortare skuledagar, høgare skulebudsjett og betre skulefasilitetar, har utvikla seg til landsomfattande protestar der fagforeiningar, lærarar og politiske grupper deltar.

I helga vart Paris rasert gjennom plyndring, hærverk og omfattande vald, etter det som byrja som fredelege protestar.

Fleire byar har innført eit midlertidig portforbod i forsøk på å få bukt med situasjonen.

Det skriv NRK.

Hanssen og Aakvaag synest demonstrasjonen i Paris på laurdag var viktig, og deltok sjølv i demonstrasjonen på måndag denne veka.

Rekker ikkje do

Jentene skildrar ein skule med dårlege fasilitetar, lange dagar, korte pausar, store klasser og dårleg mat.

– Eg skjønner veldig godt at dei protesterer. Dei har ikkje noko val, medan me visste kva me kom til, seier Hanssen.

Skulekvardagen er ganske annleis frå den dei hadde heime i Noreg.

– Her er det ikkje sånn at lærarane stoppar og hjelper kvar enda elev. Eg går i klasse med 34 andre, seier Hanssen.

Bygga er gamle og har dårleg temperaturregulering, og det har vore ubehageleg varmt.

Det er også dårleg mat, spesielt på naboskulen der dei bur, og lange matkøar.

Hanssen og Aakvaag må ofte stå i matkø ein time kvar dag, og dei synest ikkje maten er spesielt verdt det. Foto: Privat

– Når ein er på skulen i nesten ti timar og ikkje får ein tilstrekkeleg lunsj, blir det jo mykje vanskelegare, seier Aakvaag.

Dagane er lange og pausane korte, med berre fire minutt mellom undervisningsøktene, sett bort frå to korte friminutt og ein matpause midt på dagen.

Ein gjennomsnittleg dag er frå åtte om morgonen til halv seks om ettermiddagen.

– Me har ikkje tid til å stikke innom skapet eller gå på do, seier Aakvaag.

Alle samlar seg

Det har ikkje vore store protestar på skulen Aakvaag og Hanssen går på.

– Det har vore nokre elevar som har droppa nokre timar, og i pausane har veldig mange vore ute og sett på protestane på naboskulen, seier Hanssen.

Det er også fleire lærarar som har deltatt, noko som gjer at nokre av timane deira forsvinn.

Det er skilt og blokadar utanfor skulen til Hanssen og Aakvaag sjølv om det ikkje har vore protestar. Foto: Privat

No er jentene i Paris, og dei deltok i demonstrasjonen på måndag.

– Det var veldig fint å sjå korleis alle samlar seg for å stå opp for det dei meiner, seier Hanssen.

Jentene meiner at politiet brukte tåregass før det var nokon ordentleg fare, noko dei ikkje synest var greitt.

Dei trur ikkje plyndringa og valden kom frå elevdemonstrantar, men frå eksterne.

Det same skriv NRK.

– Me tenker at begge sidene kunne handtert situasjonen mykje betre, både politiet og folkemassen, seier Hanssen.

Endelaus sirkel

Hanssen skildrar den franske skulekvardagen som ein endelaus sirkel.

– Eg går på skulen, så må eg heim og gjere skulearbeid, så må eg sove, og så må eg på skulen igjen.

Aakvaag meiner elevane har heilt legitime krav, og håper protestane fører til endring.

– Dei vil ha tid til å trene og vere med vener, klasserom under 30 grader, ordentleg mat og vikarar når lærarane ikkje dukkar opp, seier ho.

Jentene synest det er rart at politikarane ikkje har gjort noko med dei gamle bygga og låge budsjetta enda.

– Det er openbert at det ikkje går med 35 elevar i eit klasserom utan aircondition. Det bør ein ikkje trenge å protestere for. Det bør berre bli fiksa, seier Hanssen.

Aakvaag og Hanssen håper protestane vil føre til at forholda blir litt betre for dei franske elevane. Foto: Privat

Reagerer på politiresponsen

Jentene synest det har vore litt ekkelt å høyre om det som skjer i dei andre byane.

– Ein blir fort skjelven når ein ser sånt. Det er veldig synd, seier Hanssen.

Medan dei er i Paris, prøver dei å halde seg unna dei verste områda.

– Det er jo folk som har døydd og fått alvorlege skadar. Dei skyt jo tåregass på elevar, seier Hanssen.

Jentene reagerer på politiets oppførsel mot ungdommane.

– Det er drygt at politiet skal komme fullt væpna mot vanlege vidaregåandeskulelevar, spesielt med tanke på at dei er eit år yngre her, seier Aakvaag.

Dei synest ikkje politiets respons har vore passande.

– Elevane kjempar berre for noko som er viktig for dei, seier Hanssen.

Skulen tar opp mesteparten av tida til franske elevar. Då er det ekstra kjipt at forholda på skulen er dårlege, meiner Aakvaag og Hanssen.

– Eg trur dei har prøvd å få gjennom denne bodskapen ganske lenge, og no gjer dei drygare ting for å få merksemd, slik at det forhåpentlegvis skjer noko, seier Aakvaag.