Målrørsla er frustrert over at Odda-modellen vert oversett – igjen
Statsbudsjettet har nok ein gong utsett spørsmålet om språkdelte klassar på ungdomsskulen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi er glade for at regjeringa aukar løyvingane til språktiltak, men er skuffa over at dei heller ikkje i år har funne plass til språkdelt ungdomsskule. Det er eit viktig tiltak for å få fleire elevar til å halde på nynorsken i områda der nynorsk møter bokmål.
Det seier Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.
Ho rosar likevel statsbudsjettet for å løyve midlar til nynorske og samiske digitale læremiddel, auke tilskota til samisk film og gode nynorske medietiltak.
- Les også: Foreldre ville byte ut nynorsken
Nok ei utsetjing
Spørsmålet målrørsla ynskjer regjeringa skal ta stilling til, er kor vidt ein også på ungdomsskulenivå skal ha rett til undervisning på eige skriftspråk. I dag har elevar rett på eigne språkdelte klassar på barnetrinnet dersom fleire enn ti elevar vel ei anna målform enn den som er rådande.
Den utvida modellen som også omfattar ungdomsskule-elevar vert gjerne kalla Odda-modellen, då Odda kommune har hatt språkdelte klassar på ungdomstrinnet i over 100 år.
Noregs Mållag og Målungdomen var misfornøgde då spørsmålet ikkje vart handsama i det føreslegne statsbudsjettet i 2019, og i mars sa Mållagsleiaren Magne Aasbrenn at det burde ryddast plass til ordninga i statsbudsjettet for 2020.
I ei pressemelding måndag er Mållaget skuffa over at regjeringa heller ikkje denne gong kjem med ei avklaring i saka.
– Dette må på plass for å sikre dei språklege rettane til nynorskelevane, står det i pressemeldinga.