Noregs Mållag krev at regjeringa prioriterer nynorskelevane
Noregs Mållag håpar regjeringa no gjer ord om til handling og sikrar språkdelt ungdomsskule og læremiddel på begge målformer.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Noregs Mållag ventar at det blir løyvd midlar til gode nynorsktiltak på budsjettkonferansen som regjeringa skal halde på Hurdalsjøen frå 19. til 21. mars, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.
Han håpar no at lovnadane frå Granavolden-plattforma vert omsette til reelle tiltak.
Ynskjer språkdelt ungdomsskule
I plattformteksta frå Granavolden står det at regjeringa vil greie ut om språkdelt ungdomsskule. Mållaget håpar utgreiinga ikkje vert tidkrevjande, og meiner vinsten ved god språkopplæring må takast med i rekneskapen:
– Dermed bør det ryddast plass på budsjettet til denne ordninga slik at ho kan komme i gang hausten 2020, seier Aasbrenn.
Læremiddel også på nynorsk
Plattformteksta seier også at ein skal sikre retten til læremiddel på begge målformer. I 2018 blei det løyvd 55 millionar ekstra til produksjon av digitale læremiddel, og ein klar føresetnad var at desse læremidla måtte komme på både nynorsk og bokmål, skriv Mållaget i pressemeldinga.
– Mållaget bed om at Kunnskapsdepartementet prioriterer at nynorskelevane har eit fullgodt tilbod på nynorsk i alle fag frå hausten 2020, seier Magne Aasbrenn.
I tillegg håpar mållagsleiaren at statsbudsjettet for 2020 og det reviderte budsjettet for 2019 også sikrar aktuelt nynorsk lesestoff for barn og unge.
Les også: Lovar digitale læremiddel på nynorsk