Oxford Dictionary kårar «rage bait» til årets uttrykk

Den anerkjende og normgivande ordboka Oxford English Dictionary har komme til at «rage bait» vinn tittelen som årets ord, eller uttrykk, i 2025, melder BBC.

NPK-NTB-Ritzau
Publisert

Omgrepet blir definert som onlineinnhald som medvite er skapt for å framkalle vreide eller forarging ved å vere frustrerande, provoserande og støytande.

Sjølv om ein ikkje kjenner omgrepet, kan ein stadig oftare bli utsett for effekten i sosiale medium. Rage bait blir brukt på nettet for å auke aktiviteten på nettsider eller i sosiale mediekontoar, heiter det i forklaringa til Oxford.

BBC skriv at uttrykket minner om internettfetteren «clickbait» som betyr at ei overskrift lokkar ein lesar eller sjåar til å opne ein artikkel eller video.