Regjeringa vil sikre meir norsk hjå strøymegigantane

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I statsbudsjettet føreslår vi no at vi skal innføre eit krav til alle som leverer strøymetenester til den norske marknaden at ein viss del av det dei tilbyr i Noreg skal vere norske produksjonar.

Det seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) til Nyhetsmorgen på NRK P2.

Det vil seie at strøymetenestene vert forplikta til å investere i fleire norske filmar og seriar, som Netflix si komande storsatsing Ragnarok eller HBO-suksessen Beforeigners.

Gjer som EU

Allereie i oktober i fjor vart EU-parlamentet samde om eit liknande direktiv. Dei sette då krav om at 30 prosent av innhaldet på dei globale strøymetenestene skulle vere europeisk. Det melde NRK.

Til no har dei internasjonale strøymetenestene vore fritekne skattar og avgifter i Noreg, i motsetnad til norske kinoar og DVD-produsentar som lyt betale ein del av inntektene sine til staten.

Med det nye kravet har staten høve til å velje mellom å krevje inn ei avgift også av dei internasjonale selskapa eller krevje at ein del av innhaldet skal vere norsk.

Trine Skei Grande (V) seier til NRK at ho trur utbytte for den norske filmindustrien vil vere høgare dersom ein stiller krav til norskdelen på strøymetenestene. Kor stor del norsk ein vil krevje, er framleis ikkje avgjort.

Alexander K. Lykke, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik er språkforskarane som står bak språkarbeidet i HBO-serien Beforeigners. Pressefoto frå Beforeigners nytta i collage av høvesvis: Eirik Evjen/HBO Nordic og Lukas Salna/HBO Nordic