Foreldre ville byte ut nynorsken

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I førekant av lokalvalet 9. september hadde foreldre frå tre skulekrinsar samla inn underskrifter for å kunne stemme over også ein annan ting: Kor vidt skulen skulle byte skulespråk frå nynorsk til bokmål.

Det skriv Noregs Mållag på nettsidene sine.

Dei som bur i områda som høyrer til skulekrinsen, er over 18 år og/eller har born som høyrer til skulen kunne røyste, ifølgje Sunndal kommune.

To skular vil halde på nynorsken

Ved Oltedal skole i rogalandskommunen Gjesdal sigra nynorsken med 211 stemmer mot 173, òg ved Ålvundfjord skule i Sunndal kommune på Nordmøre vart det fleirtal for å halde på nynorsken.

Berre ved Løykja skole, også den i Sunndal kommune, vart det eit fleirtal for å byte skulespråk til bokmål med 197 stemmer. Det var det berre 24 stemmer som skilde alternativa, og 173 stemmer ville behalde nynorsk.

Magne Aasbrenn meiner barnehagar lyt verte flinkare til å førebu borna som skal gå i nynorskkular. Foto: Noregs Mållag.

– Det er flott med så tydelege resultat på dei to største skulane. Samtidig er det bittert med det knipne tapet på Løykja, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Mållagsleiaren håpar kommunestyret i Sunndal finn ut at marginen er så liten på Løykja skole at det ikkje forsvarar å skifte opplæringsspråket.

– Likevel illustrerer desse kampresultata at målfolk må vere aktive om ein skal unngå at skular mistar nynorsken, seier Aasbrenn og takkar lokale målfolk for innsatsen dei har lagt ned.

  • Les også om språkstriden som heldt på å koste Eva Vinje Aurdal (Ap) ordførarvervet i storkommunen Ålesund: – Det var verdt det!

Eva Vinje Aurdal (Ap) blir ordførar i den nye Ålesund kommune. Foto: Ap