Kva meiner partia om frikortgrensa og BSU?

Korleis kan politikken til dei ulike partia påvirke lommebok og bustadkjøp når det kjem til inntektsgrensa og BSU? Her er oversikta:

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

Formueskatten har vore ei stor sak denne valkampen, men kva vil partia gjere med ordningane som gjer det lettare for unge å tene sine første kroner og spare til bustad?

Først ei lita forklaring:

Frikort

Frikort betyr at så lenge du tener under ein viss sum, så treng du ikkje betale skatt på inntekta di.

I januar vart frikortgrensa sett opp frå 70 000 kroner til 100 000 kroner av den raudgrøne regjeringa med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Det betyr at det i dag er null skatt på arbeidsinntekt opp til 100 000 kroner.

Bustadsparing for ungdom (BSU)

BSU står for Bustadsparing for ungdom og er ei spareform for dei under 34 år. I dag kan du spare inntil 27 500 kroner i året og få 10 prosent av det du har spart det året i skattefrådrag.

Totalt kan du maks spare 300 000 kroner og får god rente frå banken. Skattefrådraget får du berre om du ikkje eig bustad allereie.

Her får du ei oversikt over kva partia vil gjere med både frikortgrensa og BSU-ordninga.

Obs: Artikkelen baserer seg på politiske utspel frå partia som var kjende 05.09.2025. I innspurten til valkampen skjer det av og til at partia kjem med nye lovnadar. 

Frp:

Frikort: Auke inntektsgrensa til 150 000 kroner.

BSU: Vil heve grensa for kva ein kan spare årleg til 30 000 kroner, auke den totale grensa til 400.000 kr og doble skattefrådraget til 20 prosent.

Kjelde: Frp sitt partiprogram, Frp.no, frp.no, Frp på Facebook

Høgre:

Frikort: Auke frikortgrensa til 150 000 kroner.

BSU: Auke årleg sparing til 30 000 kroner og auke skatteletten til 20 prosent av det du har spart det året. Auke det totale sparebeløpet til 400 000 kroner.

Kjelder: høyre.no, nrk.no, nrk.no.

Venstre:

Frikort: Vil auke frikortgrensa, uvisst til kor mykje.

BSU: Vil fase ut BSU-ordninga og fjerne eigenkapitalkravet for førstegongskjøparar.

Kjelder: Venstre.no, Venstre sitt partiprogram

KrF:

Frikort: Har ingenting om det i partiprogrammet eller i andre utspel.

BSU: Vil styrke BSU-ordninga, skriv dei i ein e-post til framtida.no. Dei har ingenting om det i partiprogrammet eller i nylege utspel, men har støtta det tidlegare med fokus på førstegongskjøparane.

Vil også innføra gardssparing for unge (GSU) med skattefrådrag på same måte som i BSU-ordninga.

Kjelder: KrF sitt partiprogram, kron.no, vg.no, pressesjef Astrid-Therese Theisen på e-post

MDG:

Frikort: Har ingenting om det i partiprogrammet eller andre utspel.

BSU: Har ingenting om det i partiprogrammet og andre utspel, men har tidlegare vore kritiske til ordninga og foreslår andre måtar å løyse det på som til dømes fritak frå dokumentavgift for førstegongskjøparar.

Kjelder: MDG sitt partiprogram, NTB

Senterpartiet:

Frikort: Vil framleis auke frikortgrensa, men det er uvisst kor mykje. Sp og Ap sette opp frikortgrensa i regjering frå 70 000 til 100 000 kroner i januar 2025.

BSU: Auke maksgrensa for BSU til 50 000 kroner i årleg sparing, og 400 000 kroner som totalbeløp med eit skattefritak på 20 prosent.

Vil også innføre ei GSU-ordning (Gardssparing for unge) med 70 000 kroner i årleg sparing med 500 000 kroner som totalbeløp og eit skattefritak på 20 prosent.

Kjelder: Senterpartiet sitt partiprogram, nrk.no, framtida.no

Arbeidarpartiet:

Frikort: Sp og Ap sette opp frikortgrensa i januar 2025 frå 70 000 til 100 000 kroner. Har ikkje noko nytt om det i partiprogrammet eller andre nylege utspel.

BSU: Har fryst BSU-ordninga på 27 500 kroner i året og 300 000 kroner totalt, avgrensa det til førstegongs bustadkjøp og redusert skattefrådraget frå 20 til 10 prosent. Vil satse på ulike låne- og tilskotsordningar gjennom Husbanken og kommunane.

Kjelder: Arbeidarpartiet sitt partiprogram, nrk.no, arbeiderpartiet.no, vg.no

SV:

Frikort: Vil auke frikortgrensa til 150 000 kroner, skriv dei på e-post til framtida.no. Har ingenting om det i partiprogrammet og andre utspel.

BSU: Vil fjerne BSU og heller gjere andre politiske grep som å la førstegongskjøparar bli prioriterte for å få lån, gi fleire bustøtte og byggje ein ikkje-kommersiell bustadsektor.

Kjelder: SV sitt partiprogram, Framtida.no, kommunikasjonsrådgivar Helge Skarrud på e-post

Raudt:

Frikort: Auke grensa til 150 000 kroner.

BSU: Vil avvikle BSU-ordninga, og heller satse på ting som ein tredje ikkje-kommersiell bustadsektor og auke tilskot frå Husbanken.

Kjelder: Rødt.no, rødt.no, Raudt sitt arbeidsprogram.