Senterungdommen vil ha skattefrådrag for Gardssparing for unge

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er urettferdig at folk som sparer til bustad får betre vilkår med skattefrådrag enn dei som sparar til gard, seier leiar i Senterungdommen, Torleik Svelle.

I forslaget til Senterpartiet sitt program har dei fått inn eit forslag om skattefrådrag for gardssparing for unge (GSU).

GSU-rente, utan skattefrådrag

I Landkreditt kan nemleg unge spara inntil 250.000 kroner i GSU-konto, der renta er på 3,25 % for dei under 45 år. Framtidige bønder kan spara inntil 30.000 kroner årleg i GSU, men får ikkje skattefrådrag for denne sparesummen.

I dag har dei 358 kundar som sparar i GSU, der snittalderen er på 27,8 år.

Unge under 32 år som sparar til bustad i BSU får i tillegg til gunstig rente i banken sin, eit skattefrådrag på 20 prosent av sparesummen. Med den auka sparegrensa på 27.500 kroner i året, betyr det at ein får 5500 kroner skattefrådrag om ein sparar heile summen.

Landkreditt lanserte Gardssparing for unge (GSU) i 2013. For å oppretta GSU-konto må ein òg ha BSU-konto i banken.

Denne forskjellsbehandlinga mellom å spara til bustad og gard vil Senterungdommen ha ein slutt på. Svelle er oppteken av å rekruttera fleire unge inn i landbruket, og trur det økonomiske kan vere eit stort hinder.

– Det er ingen tvil om at det er dyrt med gard. Du skal ha mjølkekvoter og ein set seg i stor gjeld ved å ta over gard, som gjerne krev store investeringar, understrekar han.

Kjøpte gard til 13 millionar som 20-åring

Den nyetablerte bonden Martin Jordalen (21) synest at gardssparing for unge høyres ut som ein veldig god idé.

– Eg trur dei som vil ha gard har bestemt seg for det i ganske ung alder. Eg trur ikkje det er noko folk kjem på når dei er 25 år, seier han til Framtida.no.

Han hadde ikkje høyrd om GSU-ordninga til Landkreditt, men då han skulle investere i gard fekk han først nei frå tre bankar. Før han fekk lån hjå Landkreditt.

Den unge bonden frå Hemsedal hadde klart å spara opp 800.000 kroner sjølv og med hjelp frå far kom eigendelen opp i tre millionar, men framleis måtte han låne 10 millionar for å kjøpe mjølkegarden i Oldedalen i Stryn.

Bonde Martin Jordalen (21) har investert 13 millionar i garden i Oldedalen i Stryn, der han har 50 mjølkekyr. Det betyr mykje arbeid og lite ferie. Foto: Privat

Starta tidleg å jobba

Her har han plass til 50 mjølkekyr, ein del slakteoksar og har 280 mål fulldyrka jord. I tillegg til gardsbygningane kjem eit bustadhus med plass til to familiar og ein ekstra leilegheit.

Han synest ikkje den store investeringa er skremmande.

– Mange syns at det er heilt sprøtt, men eg synest ikkje det. Kanskje eg burde vere meir redd enn eg er, seier 21-åringen til Framtida.no.

Hemmelegheita bak å spara så mykje er å starte å jobbe tidleg.

– Eg trivst med å jobbe, så eg jobba kvar dag eg hadde fri frå skulen og etter skuletid. Difor hadde eg mykje pengar i ung alder, utan at eg vart bitt av den kjøpebasillen, seier Jordalen, som gjerne skulle hatt moglegheita til å spara i GSU med same vilkår som BSU.

– Spesielt om eg hadde vore litt eldre, hadde det hjelpt veldig.

Landkreditt: – Positivt for rekrutteringa til landbruket

Kommunikasjonsrådgiver i Landkreditt, Line Sollie Karlsen.

– Det er kostbart å etablera seg som bonde, det er ikkje bare en bustad, som ein til dømes kan spara til gjennom BSU, men har fleire bygningar samt driftsapparat og gjerne buskap. Den beste kapitalen ein har når ein etablerer seg er eigenkapital.

Det skriv kommunikasjonsrådgiver i Landkreditt, Line Sollie Karlsen, i ein e-post til Framtida.no.

Banken, som har innført GSU på eige initiativ i 2013, meiner det er opp til andre korleis ei offisiell GSU-ordning eventuelt bør utformast.

– Generelt tenkjer me at det er positivt med tiltak som er med på å leggje til rette for at unge bønder startar sparing til eigenkapital tidleg, og dimed gjev dei eit betre utgangspunkt for å overta gard og kome i gang som bonde. Det er positivt for rekrutteringa til landbruket, forklarar Karlsen.


Øistein Aasen er bonde. Foto: Privat/@fjellbonden