SV vil fjerne Bustadsparing for ungdom (BSU)
I det alternative statsbudsjettet sitt foreslår SV å avvikle ordninga Bustadsparing for ungdom (BSU), som gir unge skattelette ved å spare til bustad.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– BSU er ei urettferdig ordning. Det er fint å spare, men BSU påskjønar unge som allereie er rike nok til å kunne spare, seier Solveig Skaugvoll Foss, vararepresentant og fungerande finanspolitisk talsperson for SV på Stortinget, til Klassekampen.
Dei som nyttar seg av ordninga får inntil 5.000 kroner i skattefrådrag kvart år. I statsbudsjettet for 2020 er det budsjettert med å bruke drygt 1,3 milliardar kroner til skattefrådrag for BSU-sparing.
Foss seier SV heller vil prioritere å kutte dokumentavgifta frå 2,5 til 1,5 prosent, i tillegg til å gi Husbanken moglegheit til å gi fleire startlån.
Bør ein fjerne BSU?
Bør ein fjerne BSU?
«Rart»
Finanspolitisk talsperson Henrik Asheim (H) kallar forslaget «rart».
– Det er viktig at fleire unge sparer til bustad. Mange unge finn plass til sparing i tronge budsjett, nettopp fordi ein får skattefrådrag, seier Asheim.
Han er ikkje bekymra for argumentet om at unge med rike foreldre i større grad har moglegheit til å bruke BSU.
– Desse vil få hjelp frå foreldra uansett, seier Asheim.
BSU er ein spareordning for unge under 34 år. Ein kan spare opp til 25.000 kroner i året og dette kan gi inntil 5.000 kroner mindre i skatt.
- Les også om Lise (32) som snart har spart nok til å kunne pensjonere seg: – Spar i BSU, er hennar tips.