Elevorganisasjonen om tilråding til ny fråværsregel: – Vi er redde

Elevorganisasjonen meiner «enorme mengder» elevar vil stå i fare for å ikkje få karakter med dei føreslåtte endringane frå Utdanningsdirektoratet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Vi er redde, kan ein seie. Her føreslår ein at alt fråvær skal telje uansett grunn opp mot 15-prosentgrensa. Det vil seie at om du skal i gravferd eller på idrettsarrangement eller har køyreopplæring, så tel det uansett. Så alle som når 15 prosent, uansett årsak, kjem til å stå i fare for å stryke.

Det seier leiar i Elevorganisasjonen Petter Andreas Lona på telefon til Framtida.no. Måndag 23. oktober sende Utdanningsdirektoratet (Udir) tilrådingane sine til tiltak for ulike typar fråvær til regjeringa.

– Skulefråvær er eit samansett problem. Tiltaka skal støtte skulane i arbeidet med eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø. Det skal gi dei gode rutinar for å fange og følgje opp fråvær tidleg, uttalar utdanningsdirektør Morten Rosenkvist i ein artikkel på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Mann i dress smiler til kamera

Utdanningsdirektør Morten Rosenkvist. Foto: Utdanningsdirektoratet

Nasjonalt register og eigenmelding

Utdanningsdirektoratet føreslår at det blir oppretta eit nasjonalt fråværsregister. Udir skriv at dette «bør innehalde fråværsdata på individnivå som omfattar elevar på alle trinn». Registeret er meint å gje styresmaktene eit betre grunnlag for å setje inn tiltak og vurdere effektane av tiltaka.

Vidare tilrår direktoratet endringar i dagens fråværsgrense i vidaregåande skule. Dei føreslår:

  • å fjerne krav om legeerklæring ved fråvær som kjem av helsegrunnar, og innføre ei eigenmeldingsordning for alt fråvær.
  • at alt fråvær skal gjelde. I dagens ordning kan inntil ti dagar bli sletta frå vitnemålet. Udir føreslår å fjerne denne ordninga.
  • grensa for når ein elev kan miste karakter i faget blir føreslått auka frå 10 til 15 prosent. Samstundes blir skulen pliktige til å tilby samtale med eleven når eleven nærmar seg høgt fråvær.
  • at fråvær ikkje skal førast på vitnemål eller kompetansebevis verken i grunnskulen eller i videregåande opplæring.

Udir skriv at dei har lagt vekt på omsynet til auka nærvær i opplæringa, mindre byråkrati, god nok kontroll og rettferdige reglar. Dei legg til at dei mest sårbare elevane treng andre tiltak for å at dei skal fullføre og bestå vidaregåande.

Udir skisserer òg eit alternativt forslag til fråværsgrense som ligg nærmare dagens ordning.

Elevorganisasjonen fryktar mange blir påverka

Elevorganisasjonen (EO) har lenge kjempa for å få fjerna fråværsgrensa. Leiar Petter Andreas Lona håpar forslaget frå Udir ikkje blir vedteke. Han poengterer at det i dag er mange elevar som når 15 prosent dokumentert fråvær i eitt eller anna fag i løpet av året.

– Så dette kjem til å utsetje ei enorm mengd elevar for å stryke.

At ein skal gå over frå legeerklæring til at det blir mogleg å dokumentere fråvær sjølv, er det einaste positive med dei nye reglane, ifølgje EO-leiaren.

– Men det er dumt at eigenmelding eigentleg ikkje har noko å seie, når strykregelen framleis står.

I tilrådinga Udir har sendt til regjeringa, står det at rektor skal vurdere om eleven likevel kan få karakter i faget ved fråvær på meir enn 15 prosent, dersom det er sannsynleg at fråværet ikkje er på grunn av skulk.

Lona meiner forslaget er langt frå det ein blei lova tidlegare i år, då Arbeidarpartiet gjekk inn for å skrote fråværsgrensa.

– Eg meiner dette ikkje liknar på landsmøtevedtaket til Ap. Dei sa at ein skulle gå inn for ei annleis grense, men då såg vi i alle fall for oss å fjerne strykdelen.

Kunnskapsministeren: – Skal vere fråværsreglar

I vår fekk AUF gjennomslag på Arbeidarpartiets landsmøte for å erstatte fråværsgrensa som blei innført av Solberg-regjeringa i 2016. Det har ikkje vore kjent kva den nye fråværsordninga ville innebere.

– For å ha det heilt klart: Det skal vere fråværsreglar i den norske skulen, seier den ferske kunnskapsministeren Kari Nessa Nordtun (Ap) til VG.

Ho fortel at forslaget skal på høyring i løpet av hausten og at målet er å få på plass nye reglar raskt.

– Det skal vere forventningar til kvar enkelt elev, men vi må passe på at det fungerer etter hensikta, og at det ikkje belastar fastlegane unødig. Det er ikkje eit spørsmål om vi skal ha reglar, men korleis dei faktisk skal sjå ut, understrekar Nessa Nordtun.