AUF har fått med seg Arbeidarpartiets landsmøte på at den omdiskuterte fråværsgrensa i vidaregåande skule skal fjernast.
NPK-NTB
NPK-NTB

– Det betyr at den strenge fråværsgrensa til høgresida vil bli fjerna og erstatta av eit nytt nasjonalt fråværsreglement, seier AUF-leiar Astrid Hoem til VG.

Forslaget må formelt vedtakast av landsmøtet som går føre seg i Folkets Hus i Oslo, men det som er innstillingane frå redaksjonskomiteen på møtet, blir som oftast vedteke.

Ifølgje regelverket får ikkje elevane karakter i eit fag der dei har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær. Ordninga vart innført av Solberg-regjeringa i 2016 for å hindre skulking. Under pandemien vart reglane sette på pause, men vart innført igjen i fjor.

Hoem seier til VG at det ikkje er bestemt korleis eit nytt reglar for fråvær skal bli. Det viktigaste er at dagens ordning blir avvikla.

– Det å vere borte i eit par historietimar bør ikkje presse deg ut av skulen eller gjere at du ikkje får karakter i eit fag, seier Hoem til VG.


Ungdomspartia som russekort
Kollasj av framtida.no. Kreditering av bilete nedover i saka.
Oppdatert: fredag 5. mai 2023 15.17
ANNONSE