Utdanning

«Når Arbeidarpartiet fjernar fråværsgrensa, sviktar dei oss elevar»

Arbeidarpartiet påstår at fråværsgrensa tvingar dei svakaste elevane ut av skulen. Tvert imot, fungerer fråværsgrensa som eit sikringsnett for dei elevane, skriv Kitty Theobald Gjerland og Aleksander Ljungstrøm i Unge Høgre.

Kitty Theobald Gjerland og Aleksander Ljungstrøm
Politisk nestleiar og styremedlem i Arendal og Grimstad Unge Høgre
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 19:09

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Fråværsgrensa ser kvar enkelt elev og gir læraren rette verktøy for å følgja opp for høgt fråvær. Den førebur rett og slett elevane på livet som kjem.  

Kvar einaste dag går tusenvis av elevar inn i klasseromma sine, ein stad der dei byggjer den kunnskapen dei treng for å få akkurat det livet dei ønskjer seg. Samtidig, i det same klasserommet, sit alt for mange på kanten av fråfall og vurderer å droppa ut. I møte med denne utfordringa er fråværsgrensa eit av fleire avgjerande tiltak som hjelper dei elevane som verken får oppfølging heime eller på skulen.

quote-left

Den førebur rett og slett elevane på livet som kjem.  

quote-right

I 2016 innførte Høgre i regjering fråværsgrensa i vidaregåande skular. Sidan då har fråværet gått ned og karakterane har gått opp. Lågare fråvær og betre prestasjonar viser openbert at fråværsgrensa var det ekstra pushet norske elevar trong. Trass i dette vil Arbeidarpartiet fjerne ho, og dermed svikta 850 000 elevane i dagens skulesystem.

Arbeidarpartiet påstår at fråværsgrensa tvingar dei svakaste elevane ut av skulen. Tvert imot, fungerer fråværsgrensa som eit sikringsnett for dei elevane. Den vernar dei mot å falla gjennom sprekkane i systemet og sikrar at dei får den oppfølginga dei treng for å lykkast. Å fjerna denne ordninga vil rett og slett vera ei bjørneteneste, spesielt for elevane som slit. For Høgre er det viktig at skulen ser kvar enkelte elev, og akkurat det sørgjer fråværsgrensa for, ved å stilla krav til å følgja opp. 

quote-left

Å fjerna denne ordninga vil rett og slett vera ei bjørneteneste

quote-right

Nokre dagar er tyngre enn andre. «Amalie» kjem kanskje ikkje på skulen fordi ho er trøytt eller sliten. «Ahmed» har vore borte i over ei veke fordi det er nokon prøver han absolutt vil unngå. Etter kvart vil begge liggja endå lengre bak dei andre. Når ein fell frå, mistar ein fort motivasjonen og stoppar å stilla opp på skulebenken. Vidaregåande skule skal førebu deg på livet, og på ein arbeidsplass kan ein ikkje la vêr å møta opp. Å stilla krav er å bry seg, og for å læra må ein rett-og-slett vera til stades.   

Høgre vil kjempa for fråværsgrensa. Ikkje fordi me tviler på norske elevars evner, men fordi me har tru på potensiala deira. Vi elevar kan betre enn det Arbeidarpartiet trur. Derfor fortener me meir fridom i skulen, fordi skulen skal førebu oss på å handtera utfordringar, ikkje å unngå dei slik som Arbeidarpartiet gjer. 

Når Arbeidarpartiet fjernar fråværsgrensa, som har vore med på å bringa dei mest sårbare elevane tilbake til skulen, sviktar dei oss elevar. Dei fjernar sikringsnettet som sikrar oppfølging av alle elevar. Derfor vil Høgre vera garantisten for ei fråværsgrense i den norske skulen, og ikkje gi opp elevane på måten Arbeidarpartiet gjer.