Naturvernforbundet føler seg sikker på siger i gruverettssak

Måndag 18. september startar det som blir omtalt som Fjordsøksmålet i Oslo tingrett. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har teke staten til retten for å stoppe deponering av gruveslam i Førdefjorden.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det viktigaste førebuingane no er å fortsetje å få inn pengar til å dekke kostnadene. Det er ekstremt dyrt å ta miljøsaker til retten i Noreg samanlikna med mange andre land, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet til Nynorsk pressekontor (NPK).

Han opplyser at dei gjennom folkefinansiering så langt har fått inn om lag 1,2 millionar, men at dette ikkje er nok.

– Vi er veldig imponerte over givargleda hos folk, men vi treng meir, seier han.

Meiner staten bryt lova

Bakgrunnen for søksmålet er ein årelang strid om eit avfallsdeponi i Førdefjorden i samband med gruvedrift i Engebøfjellet i Sunnfjord. Selskapet Nordic Mining, som planlegg gruvedrift i fjellet, har fått lov til å deponere 170 millionar tonn avfall i fjorden.

Ifølgje Naturvernforbundet og Natur og Ungdom er dette i strid med både faglege vurderingar og regelverk.

– I industrien er det stort sett forbod mot å deponere industriavfall. Ein må i alle fall betale ei høg avgift. Til dømes må norske smelteverk betale 1000 kroner per tonn for å deponere støv. Men Nordic Mining har fått løyve til å deponere 170 millionar tonn avfall gratis på botnen av Førdefjorden. Det heng ikkje på greip, seier Gulowsen.

I EUs mineralavfallsdirektiv blir det stilt store krav til minimering av avfall i gruveprosjekt, blant anna gjennom gjenbruk og tilbakefylling.

– Det har ikkje Nordic Mining gjort, ettersom dei har basert heile opplegget sitt på fjorddeponi. Staten har heller ikkje kravd slike utgreiingar. Ein har ikkje tatt tilstrekkeleg omsyn til miljøet og heller ikkje til kva som reint juridisk er kravd for å kunne drive gruvedrift ved ein fjord. Så her er det brot på to klare sentrale EU-direktiv, seier forbundsleiaren.

Sikker på siger

Gulowsen kjenner seg trygg på at naturvernarane kjem til å gå sigrande ut av rettssaka.

– Viss desse EU-reglane gjeld i Noreg, som også motparten meiner dei gjer, så bør dette vere ei lett sak. Ein har ikkje gjort vurderingane ein burde ha gjort, ifølgje lovverket.

Gulowsen peikar vidare på at det aldri var planen å ta denne saka til retten.

– Vi trudde det kunne bli løyst politisk, fagleg og med sunn fornuft. Men det har tydelegvis gått så mykje politisk prestisje i dette at mange aktørar berre har valt å halde på tidlegare vedtak og ignorere ny informasjon og sunn fornuft. Difor har vi sett oss nøydde til å ta dette til retten no, for det er siste utveg, påpeikar han.

– Kva kjem til å skje om de tapar saka?

Eg trur vi vinn fordi saka er såpass klar. Viss vi skulle tape, så må vi vurdere det og sjå på kva som er dei eventuelle grunnane. Men eg ser ingen grunn til at retten skal oppretthalde løyva som er gitt, avsluttar Gulowsen.

Kva baserer søksmålet seg på?

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom hevdar at løyva staten har gitt til gruveselskapet byggjer på feil forståing av to EU-direktiv, vassdirektivet og mineralavfallsdirektivet. Difor meiner dei løyva er ugyldige.

Det er advokatfirmaet CMS Kluge som skal føre saka for miljøorganisasjonane.

Søksmålet blir bygd på desse rettslege innvendingane:

  • Feil forståing av EØS-rettslege miljøkrav.
  • Det finst eit betre alternativ til sjødeponi, noko forvaltninga var forplikta til å greie ut og vurdere.
  • Miljøkonsekvensane vil bli meir alvorlege enn det som er føresett i løyva.