Kubanarar fryktar massedeportasjonar under Trump
Medan utanrikspolitikken til USA blir meir kaotisk, har Cuba lang erfaring med streng politikk frå den mektige naboen sin.

– USA har alltid vore ei bølle, men dei har først og fremst vore ei bølle mot fattigfolk i det globale sør. Det nye er at dei no behandlar sine allierte i det globale nord med ein liknande tone.
Det skriv Lars Øvergaard (26) på e-post til Framtida.no. Han er aktiv i Latin-Amerika-gruppene i Oslo, og dette semesteret er han student i Havanna på Cuba medan han skriv ferdig masteroppgåva si i Latin-Amerika-studium.
Etter Cubakrisa i 1962 innførte USA ein streng handelsblokade som gjer at veldig få handelsvarer går inn og ut av landet. Sidan då har stormakta handheva blokaden litt forskjellig avhengig av presidenten og det politiske leiarskapet, men Cuba har fått kjenne på restriktiv politikk frå USA i over 60 år.
– Blokaden er, etter mi meining, eit forkasteleg forsøk på å kvele eit folk i kne, fordi dei ikkje rettar seg etter vilja til oligarkane som styrer USA, skriv Øvergaard.
2. april la president Donald Trump fram planar om nye tollsatsar på varer frå nesten heile verda, som har skapt mykje kaos og økonomisk usikkerheit verda over.
Kubanarar har lang erfaring med den mest restriktive utanrikspolitikken frå USA, og Framtida.no ville høyre korleis det er å leve i eit land som ikkje har tilgang til amerikanske varer.
Dette er Cuba
Innbyggjartal: 11,1 millionar (2021)
Språk: Spansk
Hovudstad: Havanna
Geografi: Ei øy i Karibia i Nord-Amerika, sør for USA og vest for Mexico.
President: Miguel Díaz-Canel, fyrstesekretær i Cubas kommunistparti
Styresett: Sosialistisk republikk, der det kommunistiske partiet har maktmonopol. Det er på papiret ikkje lov å opprette organisasjonar i opposisjon til det kommunistiske partiet. I praksis blir dette handheva i varierande grad, men ifølgje Amnesty vart politiet jamleg brukt av styresmaktene mot demonstrantar i 2024, og i 2022 vart 14 personar arresterte for å ha oppmoda til opprør mot staten og for å ha «spreidd propaganda for fienden».
Kjelde: SNL
Lars Øvergaard har hjelpt til med skriftlege intervju og omsetjing av svara til dei kubanske studiekameratane sine.
Johansen Emanuel Reyes (23)
– På det personlege plan har eg eit godt forhold til USA. Eg har fleire vener og familiemedlemmer som bur der, og eg har djup respekt for alle dei amerikanske borgarane som kjempar for å betre relasjonane mellom landa våre.
Han viser til dei som kjempar for gjensidig respekt og utveksling av vitskapt, kultur og studentar.
– Eg hadde likt å kunne reise dit ein dag.
Reyes hugsar eit betra forhold med USA frå 2014 til 2016 under Barack Obama. Pengeoverføringstenesta Western Union fekk opne opp att, og dei fekk mange turistar.
– Det var gode tider, men då Trump kom til makta blei alt dette feid bort og angrepa mot oss auka. Vi blei skrivne opp igjen på lista over statar dei meiner sponsar terrorisme og 243 nye økonomiske sanskjonar vart innført mot oss.
Politikken vart vidareført under Joe Biden, og no fryktar Reyes at kubanarar i USA vil bli massedeportert. Corona-pandemien var ikkje til hjelp.
– Eg saknar mange ting ein før tok for gitt: søtsaker, rimelege bussar, CUC-valutaen, ein del matvarer. Det er snakk om heilt vanlege ting som har blitt umoglege å få tak i etter covid.
CUC, eller konvertibel peso, var ein av to valutaer som eksisterte på Cuba fram til 2021. Verdien til valutaen var lenge bunden til den amerikanske dollaren, og kunne brukast i dei same butikkane som den kubanske pesoen.
Handelsblokaden mot Cuba
Etter eit mislukka forsøk frå USA på å invadere Grisebukta på Cuba i 1961, byrja Sovjetunionen å utvide si militære støtte til øystaten. I 1962 oppdaga USA at øya hadde rakettar som kunne nå fastlandet deira.
Mange var redde for at den følgjande konflikten og potensielle konfrontasjonen ville føre til atomkrig.
Dåverande president John F. Kennedy innførte ein blokade av skipstrafikk til Cuba, som skulle hindre fleire leveransar av rakettar.
Sjølv om skipsblokaden vart oppløyst etter forhandlingar med Sovjetunionen, heldt USA fram med omfattande sanksjonar mot Cuba, inkludert ein handelsboikott. USA sine allierte er også med på denne boikotten.
Varemangelen har påverka innbyggjarane på øya i lang tid, og situasjonen vart verre etter Sovjetunionen sitt fall, sidan dei var ein viktig handelspartnar for Cuba. Den dårlege økonomiske situasjonen er ein av faktorane som har ført til fleire bølgjer med emigrering frå landet, ofte til USA.
Kjelde: SNL
Christian Y. Rodríguez Pernas (22)
– Som barn fatta eg ikkje kvifor vi mangla medisinar i apoteka og kvifor alle dei leiketøya eg såg på TV-skjermen aldri fann vegen hit.
I dag merkar Rodríguez Pernas korleis mangelen på teknologi og bøker påverkar studia hans.
Det som gjorde størst inntrykk i oppveksten var derimot astmamedisinen til mora, og korleis blokaden påverka heile familien.
Som ungdom var det vondaste å måtte sjå vener og familie migrere for å finne moglegheiter som ikkje er på øya.
– Ein ting ein kanskje ikkje ser utanfrå er korleis blokaden fremmar ulikskap i landet: Dei som har familiemedlemmar i utlandet får pengehjelp frå dei, mens dei andre må klare seg med det vesle dei har.
Han er redd for at den nye tollpolitikken frå USA vil skremme fleire vekk frå å handle med dei.
– Samstundes kan det styrke våre band med Kina, Russland og andre land i Latin-Amerika som står opp mot det amerikanske hegemoniet. Problemet er at vi vanlege kubanarar kjem til å måtte betale prisen uansett.
Amelia Fiallo Cubilla (21)
– Eg har hatt anemi store delar av livet mitt. På grunn av blokaden kunne eg som ung ikkje få tak i viktige medisinar eg trong, skriv Amelia Fiallo Cubilla.
Ho er bekymra for at Trump sin tollpolitikk vil gjere det vanskelegare for kubanarar, med dårlegare tilgang på medisinar, materiell og matvarer. I dag saknar ho matvarer og andre ingrediensar, og ein del hygieneprodukt som er vanskeleg å få tak i.
– Det er snakk om heilt grunnleggande ting alle menneske bør ha tilgang til, skriv Cubilla.
Utanom blokaden, har ho ikkje noko særleg forhold til USA. Cubilla merkar likevel store skilnadar når det kjem inn nye presidentar.
– Først og fremst når det kjem til menneskerettane. Biden og Obama respekterte dei meir, og fremma sunnare internasjonale relasjonar.
Ho drøymer om ei framtid med betre livskvalitet på øya, med tilgang på hygieneprodukt, medisinar og mat.
– Men den nordamerikanske politikken gjer dette veldig vanskeleg.
Vegen til kubansk sjølvstende
Den spanske koloniseringa av øya frå 1510 førte til at det kubanske urfolket vart tilnærma utrydda. Cuba var ein spansk koloni fram til 1898, og så okkupert av USA fram til 1902.
Etter fleire rundar med maktskifte, gjennomførte Fuglencia Batista eit militærkupp i 1952. Etter kuppet oppstod det fleire væpna motstandsgrupper, og i 1959 gjennomførte geriljarørsla leia av Fidel Castro ein revolusjon, og tok over makta.
Fidel Castro var statsoverhovud fram til han vart kreftsjuk i 2006, og broren hans, Raúl Castro, tok over.
Luis Yoel González Méndez (20)
Både faren, fleire brør, onklar og søskenbarn til Luis Yoel González Méndez har utvandra til USA. Dei har framleis kontakt over WhatApp, men kan ikkje besøke kvarandre. Det er ikkje ein uvanleg situasjon for kubanarar.
– Det gjer meg trist, men eg ønsker ikkje å forlate heimlandet mitt. Her blei eg fødd! Her skal eg bu! Her skal eg døy! Eg ønsker å forsvare landet mitt.
Han meiner den nordamerikanske blokaden er eit av dei mest urettferdige kapitla i historieboka. Samstundes er han stolt av landet sitt, og synest det er ei skikkeleg David mot Goliat-historie.
– Vi har ei rebelsk and som går tilbake til urfolka som levde her før. Så lenge kampen vår er rettferdig vil han halde fram, fordi vi kjempar for sjølvråderetten vår og forsvarer revolusjonen vår. Dei kan kaste så mange sanksjonar dei berre vil på oss, dette landet vil sigre.
I framtida håpar González Méndez at Cuba kan knytte til seg fleire avtaler og alliansar med andre land, som også kan gjere det mogleg å eksportere varene deira til den internasjonale marknaden.
José Andrés Chang Rodríguez (20)
– Som liten var det alltid matvarer eg drøymde om å få ete men framleis aldri har sett.
Han hugsar korleis det var å sjå mora og faren jobbe hardt for ei luselønn, samstundes som alt berre blir dyrare og dyrare.
José Andrés Chang Rodríguez opplever blokaden som djupt urettferdig.
– Vi utgjer ingen reel trugsel mot dei, men dei hindrar oss framleis frå å få tak i dei materiella vi treng for å halde liv i landet.
Mangelen på transport er også noko som påverkar heile øya. For Chang Rodríguez er det vanskeleg å kome seg rundt, fordi Cuba ikkje får importert det dei treng for å reparere bussane.
– Eg må ofte rusle til universitetet fordi ein ikkje får tak i transport.
– Kva drøymer du om?
– Min største draum er å forlate øya, reise rundt og bli kjend med verda. Her på øya drøymer eg om å bli historikar i Havanna by for å kunne restaurere han til det han ein gong var. Den nordamerikanske blokaden knusar denne draumen fordi det er veldig vanskeleg å få tak i det materialet ein treng for å restaurere bykjernen.