Opprop for å fjerne statue av «svarte kvinner» på Times Square
Statuen på over tre og ein halv meter skulle løfte opp svarte kvinner, men får kritikk for å framstille eit vrengebilete av dei.

– Svarte kvinner bad ikkje om denne statuen. Svarte kvinner vart ikkje spurt, og no er det vi som betaler den kjenslemessige, psykiske og sosiale kostnaden.
Det står i eit opprop på Change.org, der ein anonym person har teke initiativ til å få fjerna statuen Grounded in the Stars.
Statuen vart avduka på Times Square i New York i slutten av april, og oppropet har no over 2200 signaturar. Kunstverket framstiller ei svart kvinne med håret i fletter som er avslappa kledd i t-skjorte.
Bronsestatuen tronar over tre og ein halv meter over bakken på den staden i verda det passerer flest fotgjengarar i løpet av ein dag.
Ifølgje oppropet framstiller statuen eit forvrengt bilete av svarte kvinner, i motsetning til andre kvinner i offentleg kunst.
Svart kunstnar
Statuen er laga av Thomas J. Price, ein svart britisk kunstnar. På nettsida hans står det at statuen er ei samanstilling av fleire kvinner han har observert frå Los Angeles til London.
– Den unge kvinna som blir avbilda i Grounded in the Stars har kjente karakteristikkar, frå stillinga hennar til kvardagskleda. I avbildinga hennar kjenner ein att ein delt menneskelegheit, fortset teksten, og viser til at posituren samstundes er eit nikk til David-statuen av Michelangelo.
Kunstverket har fått delte reaksjonar frå fleire hald.
Blanda meiningar
I eit meiningsinnlegg på nettstaden til det konservative nyheitsmediet Fox News blir det skrive at statuen tek «wokeness» til nye høgder.
– Kvifor er det ein svær statue av ei irritert generisk svart kvinne på Times Square, blir det spurt.
På sosiale medium blir ikkje folk einige om det er ein god eller dårleg representasjon av svarte kvinner. Heller ikkje innanfor det svarte amerikanske miljøet får ein dei same svara, som blir illustrert i eit kommentarfelt på Instagram:
Ei kvinne som likar statuen, synest noko manglar for å faktisk vere den gjengse svarte kvinna. «Eg elskar å sjå oss representert, eg likar flettene, eg er ikkje sur på fjeset, men eg ser berre ikkje dei små tinga som gjer oss unike.»
«For det fyrste, korleis kan du representere ei heil gruppe med EIN statue. For det andre, sei at du ikkje har ei tante, kusine eller syster som ser slik ut, så kjem eg til å kalle deg ein løgnar,» skriv ein annan kommentar, som meiner statuen fortener tid i glansen dersom nokon kjenner seg att i kunstverket.
Statuen er planlagt å vere på Times Square fram til 17. juni.