Nytt LHBT-forbod i Florida – forbyr kjønnsbekreftande behandling for barn

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

– DeSantis har nettopp signert den største lista av lovforslag mot LHBTQ i ein lovgivande sesjon i delstatens historie. Dette er eit fullskala angrep på fridom, sa Joe Saunders, senior politisk direktør i Equality Florida, onsdag kveld.

Tysdag denne veka signerte Floridas guvernør Ron DeSantis det omstridde lovforslaget «Let Kids Be Kids»-pakken.

Dette forbyr barn frå å gjennomgå kjønnsbekreftande behandlingar, gå på dragshow, avgrensar bruk av pronomen i klasserom, og felles åtskilt bad og garderobar basert på kjønn, skriv BBC.

Den nye lova seier også at dei reknar dersom barn er «i fare for» å ta imot kjønnsbekreftande behandling som «serious harm». Kva det vil seie er uklart. Ifølgje politico tyder det ikkje at barn automatisk kan bli tekne frå foreldra sine. Fleire er likevel bekymra for at det kan påverke kven som får ansvar for barn i skilsmisse- og barnevernssaker.

Det er ikkje første gong Ron DeSantis er ute i hardt vêr i LHBT-miljøet.

I mars signerte guvernøren den såkalla «Don’t say gay»-lova. Ei lov som forbyr undervisning om seksuell orientering og kjønnsidentitet i skulen fram til 3. klasse, eller dersom det ikkje er «alderspassande».

Presidentkandidat

Lova vart signert på den evangeliske Cambridge Christian School i Tampa. Under signeringa sa DeSantis følgande:

– Vi må la barna våre vere barn.

Han la til at Florida kom til å vere ein tilfluktsstad for fornuft og normalitet.

Det er venta at DeSantis vil stille som presidentkandidat for 2024, og at dette vil bli annonsert i neste veke.

Restriksjonar for vaksne

Sjølv om den nye lova er retta mot barn, er det også avgrensingar mot vaksne som søker kjønnsbekreftande medisinsk behandling.

Desse må no få skriftleg samtykke frå to frå tilsynsrådet som er utnemnd av guvernøren.

Den nye lova blir møtt med massiv kritikk, og den demokratiske delstatens senator Shevrin Jones fyrer laus til nyheitsbyrået AP.

– Alle andre foreldre har rett til å oppdra barnet sitt slik dei vil så lenge barnet ditt ikkje er homofil, trans, eller bifil. Det er fridom for nokre foreldre, men ikkje for alle foreldre, sa Jones onsdag.