Den eittårige venteperioden over. Onsdag 4. november 2020 er USA formelt ute av miljøavtalen.
Andreas Brattåker Støyva

Av dei nær 200 nasjonane som har signert avtalen kor ein forpliktar seg til å redusera klimagassutslepp, er USA åleine om å melda seg ut, skriv NPR.

Etter at president Donald Trump kunngjorde at han ville trekka USA ut av avtalen i alt i 2017, har ikkje dei amerikanske utsleppskutta vore i tråd med avtalen. Den endelege utmeldinga fann stad i november i fjor, og er no altså gyldig.

Kuttar klimabidrag

Utmeldinga betyr også at USA ikkje lenger vil koma med bidrag til det globale fondet som er meint å hjelpa små og fattige land som vert uforholdsmessig råka av klimaendringane.

USA hadde i utgangspunktet lova 3 milliardar dollar til dette hjelpearbeidet, og skulle etter planen finansiera eit stort klimaprosjekt i Karibien, før Trump-administrasjonen reduserte finansieringa.

Carlos Fuller er klar på at USA må vera med i det globale klimaarbeidet.
Foto: UN Climate Change, Flickr (CC BY 2.0)

Leiaren av Forbundet for små øystatar, Carlos Fuller sa fylgjande om situasjonen;

Dei neste 10 åra vert ekstremt viktige, når det kjem til å beskytta sårbare befolkningar. Dessutan er USA landet med nest høgast utslepp i verda. Me treng USA om bord, skal me nå utsleppsmåla.

Delstatar, byar og selskap tek saka i eigne hender

Sjølv om USA no er ute av den viktige miljøavtalen, har mange amerikanske delstatar, byar og selskap lova å gjennomføra store utsleppskutt i åra som kjem.

Tolv statar og kring 165 byar har langsiktige planar om å få 100 prosent av elektrisiteten sin frå fornybare kjelder, ifylgje America’s Pledge.

Dei skriv mellom anna at om dei sentrale styresmaktene vert med statane, byane og selskapa i klimakampen att, kan dei kutta utsleppa med 49 prosent frå 2005-nivåa innan 2030.

Dermed vil dei også vera nærare målet i Parisavtalen  nullutslepp innan 2050.

Om Joe Biden vinn presidentvalet, skal USA med att i avtalen

Sjølv om USA er ute av avtalen for no, vil ein siger til Joe Biden i det pågåande presidentvalet ifylgje han sjølv bety at USA skal inn att i den globale klimakampen.

Om det vert valsiger til Biden, kan USA vera eit sentralt medlem av Parisavtalen att, alt i februar.

Om det skulle skje, vil USA ha mykje å ta att. Gjennom Parisavtalen lova USA å redusera utsleppa sine med kring 25 prosent av 2005-nivåa, innan 2025. Det er dei ikkje i rute til å klara.

Ifylgje analysar er USA i rute til å kutta utsleppa med berre 17 prosent frå 2005-nivåa, langt frå måla i Parisavtalen.


Les også om det som ligg an til å verta den mest mangfaldige nasjonalforsamlinga i verda: New Zealand har fått sin fyrste kvinnelege utanriksminister med urfolksopphav

Nanaia Mahuta (t.v.) vert den første kvinnelege utanriksministeren med urfolksopphav i New Zealand, når ho no vert ein del av Jacinda Ardern (t.h.) si nye regjering. Foto: Labour Party, AP Photo/Mark Baker
Oppdatert: torsdag 5. november 2020 13.52

LES OGSÅ

ANNONSE