Framtida
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå NUPI Skole sin serie Hvor hender det? og sett om av Framtida.no.

Heile verda følgde skremde med då opprørarar storma den amerikanske kongressen, ei historisk hending som kosta minst fem liv, skadde mange menneske og etterlet bygningen i kaos.

Den 6. januar hadde kongressen samla seg for å formelt godkjenne Joe Biden som USAs neste president og lovleg vinnar av haustens val. Heilt sidan starten av valkampen hadde president Trump insistert på at valet var rigga, og at Demokratane forsøkte å «stele» sigeren frå han.

Storminga av kongressen

Etter valnederlaget heldt Trump fram å nekte for at valet var gjennomført på lovleg vis, men omfattande gransking og omtellingar i avgjerande statar viste ingen avvik av betyding, og presidenten sine mange søksmål vart avviste.

I eit siste forsøk på å utfordra valresultatet, vart demonstrasjonen «Save America March» arrangert i Presidentens park bak Det kvite hus. Her talte Donald Trump til fleire tusen tilhengarar, der han bad dei «fight like hell» og marsjere mot kongressen.

Bileta av massar som overmannar politiet, knuser vindauge og tek seg inn i bygningen der skremde kongressmedlemmar gøymer seg under stolar, sjokkerte dei fleste. Likevel var den største overraskinga kanskje at politiet ikkje var betre førebudd på at opptøyane kunne bli valdelege.

Trump-supporterar deltek på eit arrangement i Washington D.C. den 6. januar i år. (AP Photo/John Minchillo, File)

Sidan Trump blei vald som president i 2016, har den harde politiske splittinga vore det sentrale temaet i dei fleste diskusjonar om USA. Under Trump har landet blitt stadig meir delt, spesielt rundt spørsmål om rase, kjønn, innvandring – og ikkje minst koronakrisa. Eitt omgrep har festa seg som diagnose på situasjonen: polarisering.

Statsminister Erna Solberg var ein av mange som tolka storminga av kongressen ut ifrå dette omgrepet.

«Det er ingen tvil om at [president Trump] har ansvar for den polariseringen, og om å oppildne sine tilhengere til å ikke akseptere valget. Det er det som er bakgrunnen for hele denne opphetede situasjonen», uttala ho til pressa morgonen etter, norsk tid.

Men kva betyr eigentleg polarisering, og på kva måtar kan omgrepet forklara dei dramatiske hendingane i USA?

Tenk på ein magnet

Politisk polarisering er ein metafor for krefter som trekker borgarar i ulike retningar, som polane på ein magnet. På same måte som elektriske straumar i jorda sitt indre skapar eit magnetfelt mellom Nord- og Sørpolen, kan ein sjå føre seg at straumar i samfunnet skapar sosiale motsettingar mellom grupper.

Til dømes fører den aukande kritikken av rasisme til sterke gnissingar mellom grupper. Om ingen hadde protestert mot urettferd, ville det nok blitt færre opne konfliktar, men samfunnet ville heller ikkje utvikla seg.

Politisk polarisering er altså ikkje negativt i seg sjølv; det er snarare naudsynt for at noko skal skje. I naturen finst det ikkje magnetiske polar utan motpolar, men det kan eksistera i eit samfunn. Det betyr at befolkninga er så undertrykt at rådande makter får definere tinga sin tilstand og bestemme korleis alt skal vere.

Polarisering er rett og slett ein føresetnad for demokrati.

Samstundes kan ein kraftig magnet rive ting sunde. Når den politiske polariseringa blir for sterk, blir befolkninga trekte i ulike retningar så samfunnet blir meir splitta. Det kan gjere det vanskelegare å handtere konfliktar og løyse felles problem, som også er ein føresetnad for demokrati.

Om polarisering er positivt eller negativt for demokratiet, kjem altså an på balansen mellom dei to ytterpunkta.

Når omgrepet «polarisering» brukast til å forklara den tilspissa situasjonen i USA, handlar det som regel om at splittinga i befolkninga har blitt eit demokratisk problem. Men samfunnet er altfor komplisert til å kunne forklarast ut ifrå ein enkel magnet-metafor. Difor er det naudsynt å undersøka nærare kva polariseringa faktisk inneber i kvar enkelt situasjon.

Ulike typar polarisering

Det har vore store splittingar i det amerikanske samfunnet sidan føderalstaten vart grunnlagd i 1776.

Mange meiner at uroa som pregar landet i dag har røter tilbake til borgarkrigen frå 1861-65, som sprang delvis ut av ei ideologisk polarisering knytt til menneskesyn. Medan dei liberale nordstatane såg på den svarte befolkninga som borgarar, behandla dei konservative sørstatane dei som varer. Borgarkrigen enda med at slaveriet vart oppheva, men kampen rundt rasisme eksisterer framleis.

I nyare historie har det vore store konfliktar rundt klassekamp, som er tett knytt til marxistisk ideologi. Under den kalde krigen var heile verda prega av ideologisk polarisering mellom kapitalisme og kommunisme. Likevel – eller kanskje nettopp fordi dei hadde ein sterk, ytre fiende – var det amerikanske partisystemet ganske samla.

Fram til 1990 hadde dei fleste veljarar eit ganske nøytralt syn på andre si partitilhøyrsle, og det var vanlegare å bytte på kva parti ein stemde på. Sidan den gang har det vore ein stadig aukande tendens til at republikanarar og demokratar oppfattar kvarandre som hyklerske og sjølvsentrerte, og at folk snakkar mindre med kvarandre på tvers av partigrensene.

Utviklinga av politisk stammetilhøyrsle vert kalla affektiv polarisering, som viser til sterke kjensler for eigen og andre sin identitet.

Mobilisering av ytterpunkt

USA har berre to parti av nasjonal betyding, og dei har tradisjonelt vore svært samansette. Når parti må svara til fleire veljargrupper med ulike interesser og verdiar, blir dei gjerne meir moderate fordi dei må syte for å ikkje støyta frå seg nokon.

Under Trump sitt presidentskap har Demokratane og Republikanarane teke lange steg i kvar sin retning fordi det som samlar veljarane mest, er frykt og forakt for den andre sida.

Medan Trump har mana til avsky for media, vitskap, «politisk korrektheit» og det etablerte politiske systemet, har Demokratane markert avstand frå rasisme, sexisme, vaksineskepsis og undergraving av demokratiske institusjonar.

Men den sterke polariseringa har også ein annan effekt: Grupper som av ulike grunnar kjenner seg utstøytte frå samfunnet, har faktisk blitt meir integrerte i den politiske samtalen.

Dei siste fire åra har gitt større spelerom for grupper som ikkje har blitt høyrde i periodar med mindre polarisering. Rørsler som #metoo og Black Lives Matter, på den eine sida, og alt-right på den andre, stiller høgare krav til forandring enn det som har vore «innanfor» dei siste tiåra, og begge sider har sterke politiske støttespelarar.

Black Lives Matters-protestantar fotografert 19. juni i år. Juneteenth er ikkje ein nasjonal heilagdag i USA, men vert markert landet over som den dagen dei siste slavane skal ha vorte frigjorde, to år etter fridomserklæringa. Foto: AP Photo/LM Otero

Retorisk polarisering

Slik integrering er vanskeleg å få auge på, og grunnen til det er den retoriske polariseringa, som gjer at folk slit med å halde ein gjensidig forståeleg og nokolunde høfleg samtale på tvers av politiske ståstadar.

Denne utviklinga skuldast ikkje at dei politiske motsettingane er større enn før: til dømes er det høgare oppslutning enn nokosinne om at fellesskapet har ansvar for å nedkjempe rasisme, sexisme og homofobi.

Årsaka til den retoriske polariseringa, er snarare at ulike grupper har grunnleggjande ulike oppfatningar av kva som er problemet.

Til dømes står mesteparten av rasismedebatten mellom to fløyar som ser på seg sjølv som antirasistar, der den eine tolkar rasisme som forkastelege haldningar som berre finnast hjå ein liten del av befolkninga, og den andre ser rasisme som eit strukturelt problem som vi alle er med å oppretthalde.

Medan dei som fordømmer rasistar på moralsk grunnlag blir støytte av at skuldingar også råkar dei sjølv, oppfattar dei som åtvarar mot strukturell rasisme motstanden som nok eit uttrykk for at minoritetar sine erfaringar ikkje blir tekne på alvor. Sjølv om desse gruppene er einige om mykje, blir retorikken mellom dei ofte krass og uforsoneleg.

Den tydelegaste ideologiske splittinga i USA står mellom dei som støttar utviklinga av like rettar for alle og dei som lengtar tilbake til «gamle dagar», anten dei tenkjer på Sørstatane før borgarkrigen eller 1950-talets tydelige hierarki mellom menn og kvinner, kvite og svarte. Her er den retoriske polariseringa langt meir dramatisk, for den handlar om korleis ein held seg til tradisjonelle medium, vitskap og det politiske systemet.

Ei kvinne demonstrerer mot ytterlegare polarisering under Trump-administrasjonen. Foto: Alisdare Hickson/Creative Commons/CC BY-SA 2.0

Under Trump sin presidentperiode har det vore ei sterk auke av grupper som ikkje trur på informasjon dei får frå etablerte institusjonar, som til dømes media, og i staden sver til konspirasjonsteoriar.

Ein annan sentral årsak til at den retoriske polariseringa har blitt så sterk, er framveksten av sosiale medium.

I sosiale medium søkjer folk seg ofte til meiningsfeller som kan stadfeste deira verkelegheitsoppfatning, og algoritmar syter for at vi får stadig meir av det vi føretrekker å sjå. Dette blir ofte kalla eit «ekkokammer». Mange av dei som vågar å delta i breiare debattar opplever hets og trakassering frå meiningsmotstandarar, noko som forsterkar frykta og avskyen mellom grupper.

Usikker framtid

Storminga av Kongressen var truleg eit resultat av både ideologisk, affektiv og retorisk polarisering.

Ideologisk var opprørarane ei samansett gjeng, der nokre veiva med sørstatsflagg og ropte slagord om kvit makt, nokre protesterte mot «big government», medan andre forsvarte grunnlova i ei tru på at valet var ulovleg gjennomført. Dei samla seg affektivt i ein felles Trump-stamme mot det politiske systemet, basert på informasjon frå eit retorisk ekkokammer på nettet.

Kva som vil skje vidare, er framleis ganske uvisst.

På den eine sida kan denne alvorlege hendinga føra til at dei meir moderate Trump-tilhengarane og andre republikanarar vender ryggen til ekstreme grupperinger så dei mistar påverknad. På den andre sida er det mange som framleis trur at valet var rigga, og kanskje vil halde fram å kjempe med valdelege middel.

Sikkert er det i alle fall at Joe Biden har ei stor utfordring med å samla det polariserte amerikanske samfunnet i tida som kjem.

Video: Kongress-representant for Demokratane Alexandria Ocasio-Cortez var særs krass i si skildring av Republikanarar etter angrepet på Kongressen. 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Alexandria Ocasio-Cortez (@aoc)


Illustrasjon: Linn Isabel Eielesn

Anja Beate Sletteland

Førsteamanuensis ved Oslo Met.

Har lenge vore interessert i ugjennomtrengelege konfliktar, hissige debattar, misforståingar og politiske kjensler.

Tok doktorgrad i kampen om Israel-Palestinakonflikten og skreiv masteroppgåve om «Krigen mot terror».