Halvparten av studentane leiger bustad usett – her er tipsa frå Forbrukarrådet

Framtida
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 19:09

Forbrukarrådet fryktar at den høge temperaturen i utleigemarknaden gjer at mange studentar forhastar seg når dei leiger bustad.

Ifølgje ei representativ undersøking Forbrukarrådet gjennomførte tidlegare i sommar, har halvparten av dei spurde leigd bustad utan å ha sett han først.

Muggskadar

– Har du leigd ein bustad usett bør du så raskt som mogleg sjekke bustaden for feil og manglar, seier Olav Kasland, fagdirektør i Forbrukarrådet.

Mann i dressjakke og med briller står ute i gata.

Olav Kasland, fagdirektør i Forbrukerrådet. Foto: John Trygve Tollefsen / Forbrukerrådet / NPK

Dei siste vekene før studiestart har Forbrukarrådet fått fleire førespurnader frå studentar som ønskjer råd på korleis dei skal gå fram med ei klage. Muggskadar på bad er ein av dei vanlegaste førespurnadene.

Ti tips til deg som er student:

1. Sjå bustaden FØR du betaler.

2. Bruk kontrakt

3. Sjekk kva som er inkludert i husleiga.

4. Undersøk kva plikter du får.

5. Merk deg oppseiingstida.

6. Krev depostitumkonto

7. Dokumenter skader på bustad med utleigar ved inn- og utflytting.

8. Hald bustaden i stand.

9. Ikkje underteikn for andre. I kollektiv bør alle signere.

10. Klag viss utleigaren ikkje gjer det han skal. Du kan få hjelp av Husleietvist-utvalet, forliksrådet eller eit konfliktråd.


Norsk studentorganisasjon (NSO) meiner det bør vere ein «EU-kontroll» også på bustad. Foto: Brandon Griggs via Unsplash / Hanne Jones Solfjeld, NSO / kollasj Framtida.no