20 000 har fått tilbod om studentbustad – 10 000 framleis i kø
20 461 studentar har fått tildelt studentbustad per 15. august, ifølgje studentsamskipnadene. Samtidig står 10 501 studentar framleis i kø for å få ein bustad.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er framleis ein stor del studentar som ønskjer å bu i studentbustadene våre, men som dessverre står på venteliste. Vi har tildelt langt fleire bustader i år samanlikna med i fjor, men behovet er framleis stort, seier styreleiar Audhild Kvam i Samskipnadsrådet i ei pressemelding.
Den varsla studentbustad-krisa held fram med å utfalde seg, heiter det vidare i meldinga.
– Vi forventar at tiltaka vi har etterlyst i årevis, blir prioriterte av politikarane. Reguleringsprosessane må effektiviserast i kommunane, tilskota må aukast av regjeringa, og samskipnadene må byggje, seier leiar Oline Sæther i Norsk Studentorganisasjon.

Leiar Oline Sæther i Norsk studentorganisasjon forventar at tiltaka dei har etterlyst i årevis, blir prioriterte av politikarane. Blant desse er at reguleringsprosessane blir effektiviserte i kommunane. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Gjer ekstra tiltak
Fleire kommunar og samskipnader gjer samtidig ekstra tiltak for å hjelpe studentane som treng ein mellombels bustad i samband med studiestart. Det gjeld mellom anna hotellavtalar og mellombelse sovesalar.
– Vi håpar samskipnadene, kommunane og næringslivet vil gå i dialog for å sjå om det er fleire moglegheiter. Alle bidrag som kan vere med på å gi desse studentane ein god studiestart, er svært ønskjelege, seier Kvam.
Køar fleire stader i landet
Studentbustadkøane rundt omkring i landet er som følgjer per 15. august (talet på tildelte studentbustader i parentes):
- Noregs arktiske studentsamskipnad: 1158 (1724)
- Nord studentsamskipnad: 130 (830)
- Studentsamskipnaden Innlandet: 131 (992)
- Studentsamskipnaden i Indre Finnmark: 2 (22)
- Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim*: 1303 (2508)
- Studentsamskipnaden i Stavanger: 572 (569)
- Studentsamskipnaden i Agder: 318 (914)
- Studentsamskipnaden i Molde: 18 (203)
- Studentsamskipnaden i Oslo: 3323 (6230)
- Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg: 286 (1103)
- Studentsamskipnaden i Volda: 0 (399)
- Studentsamskipnaden i Østfold: 0 (885)
- Studentsamskipnaden i Ås: 390 (643)
- Studentsamskipnaden på Vestlandet: 2870 (3439)
*Studentbustader i Trondheim (Sit) opererer ikkje med venteliste, men interessentliste.