Desse goda skal lokke til seg studentar

Marie Wilberg
Publisert

Denne veka er studiestart for mange ved universitet og høgskular, og det er gjerne synonymt med stram økonomi.

Men visste du at fleire og fleire kommunar har begynt å gje økonomiske gode til dei som melder flytting til studentbyen?

Her er nokre av ordningane:

60 prosent løn for 20 prosent arbeid 

I Aure kommune kan du som helsefagstudent få rekrutteringsstillingar, der du arbeider i ei 20-prosentstilling innanfor helse, og blir betalt for ei 60-prosentstilling. Du får altså tredobbel løn for arbeidet.

Det er ulike ordningar i ulike kommunar. I denne spesifikke ordninga frå Aure kommune arbeider du helgevakter og i sommarferien, og etter studietida får du 100 prosent arbeid i kommunen.

66,5 prosent av alle kommunar har ei form for tiltak for å få sjukepleiarar til å søkje arbeid der, ifølgje ei undersøking NRK gjorde i juni 2023.

Voldakortet 

Eit gåvekort på 5000 kroner skal vere med å få studentar til å velje Volda som studiestad. Du får utdelt gåvekortet når du er heiltidsstudent ved Høgskulen i Volda, har betalt semesteravgift og har meldt flytting dit. 

Du kan, ifølgje Volda kommune, bruke Voldakortet i butikkar, kino, treningssenter, og mykje meir i heile kommunen. 

Eit stort bygg med store vindauge og kvit mur. Ei grasslette med nokre tre, og ein gjeng med unge menneske går på utsida.

Studentar i Volda har moglegheit til å søke på Voldakortet, som er på 5000 kroner. Foto: hivolda.no / Per Arne Brandal

Støtte til studentar i Drammen 

I midten av juni vedtok kommunestyret i Drammen at studentar som melder flytting til Drammen, får ein eingongssum på 7000 kroner.

Her er eit krav at du allereie har fullført minst eitt år av studiet, og at du har vore folkeregistrert i kommunen sidan før 1. juli. Denne ordninga er altså ei ordning for å halde på dei studentane byen allereie har. 

Nord-Troms og Finnmark fjernar studiegjeld

I nokre kommunar i Nord-Noreg kan du få sletta inntil 20 prosent av studielånet frå Lånekassen, maksimalt 30 000 kroner årleg. Her er krava at du melder flytting, og blir buande og arbeider i minst eitt år samanhengande. 

Tidlegare har kuttet vore på 10 prosent, og maksimalt 25 000 kroner i året. 

Gratis busskort

Kristiansand kommune gir studentar gratis busskort for eitt år av studietida si.

Kravet er at studenten melder flytting i Folkeregisteret etter mai 2023. Det vil seie at studentar som allereie har meldt flytting dit får ikkje nytte godet. 

Buss som køyrer opp ei gate.

Kristiansand delar ut gratis busskort til studentar som melder flytting til kommunen. Foto: Aptum / Adam Read

Lærarar får sletta gjeld

Innanfor grunnskule- og lektorutdanninga er det eigne gode du får som student. Desse goda handlar om kutt i studielånet i etterkant av studietida, og dei har nokre krav du må oppfylle. 

Dersom du arbeider i tre av dei første seks åra etter du er ferdig utdanna på normert tid, vil du få sletta mellom 51 000 og 106 000 kroner, alt etter kva for alderstrinn du utdannar deg til.

Ifølgje Utdanningsnytt har talet på søkjarar i grunnskuleutdanninga gått nedover sidan 2019, med eit kraftig hopp i feil retning frå i fjor. 

Dobbelt opp for lærar i nord

Både ferske lærarar og dei som vel å arbeide i nord får gode, men om du slår det saman er det enda meir å hente.

– Du kan få sletta 30 000 kroner i året, og er du i tillegg lærar i grunnskulen, kan du få sletta 20 000 på toppen av dette, seier kommunikasjonsdirektør i Lånekassen Anette Bjerke i ein artikkel hos Lånekassen.

Det betyr at 50 000 kroner blir sletta frå studielånet kvart år du bur og arbeider som lærar i tiltakssona.

Tiltakssona dette gjeld i er heile det som var gamle Finnmark fylke og nokre kommunar i gamle Troms fylke.

I tillegg er det enda fleire slike ordningar for lærarar som har teke blant anna realfag, framandspråk, samisk eller kvensk.