Norsk studentorganisasjon vil ha «EU-kontroll» på leilegheiter

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange tar til takke med å bu både dyrt og dårleg, særleg på utleigemarknaden.

Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) Maika Godal Dam meiner det er ein usikker leigemarknad og at det er behov for betre kontroll over leigemarknaden.

Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) 2022 syner ein svak auke i studentar som svarar at dei trivst dårleg med busituasjonen sin.

– Vi meiner ei god løysing er ein såkalla «EU-kontroll» på bustader på same måte som med bil, fortel NSO-leiaren på telefon til Framtida.no. 

I ei slik ordning som NSO føreslår, skal utleigar vere nøydd til å få godkjent leilegheita og levere ein viss standard for å få lov til å leige ut bustaden, og få eit utleigesertifikat.

Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) Maika Marie Godal Dam. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold

Då kan leigetakar vente at utleigar viser til utleigesertifikat. Tilbake må leigetakar vise til leigelappen.

– Som bilist er du tryggare når du veit korleis du skal køyre, og som leigetakar er du tryggare når du veit kva du har rett på. Begge må dokumentere denne informasjonen før dei får oppretta depositumskonto. Sertifikatet og lappen, bør ein enkelt kunne få tak i.

Mugg, sopp og skadedyr

På denne måten vil NSO sikre at utleigar faktisk er ansvarleg for bustaden dei leiger ut og buforholdet. Leigetakar er på si side ansvarleg for å ta vare på bustaden på ein forsvarleg måte.

Dette trur NSO vil skape trygge og gode heimar for fleire.  

– Vi ser gjentatte historier med utleigebustadar med mugg, sopp, skadedyr, mangel på branntryggleik, og andre forhold som kan vere farlege. Og vi veit at 1 av 5 studentar opplever nettopp dette. Det er ikkje ein stad eg trur nokon vil kalle ein heim, fortel ho.

Levekårsundersøkinga for studentar synte at 6 av 10 studentar som leiger har eitt eller fleire problem med bustaden, til dømes fukt og støy.

Melde avvik

– Vi høyrer også dessverre altfor ofte om studentar som seier ifrå og som blir møtt med at leigeforholdet blir oppsagt, berre for å sjå den same leilegheita på Finn.no ei veke etter dei har flytta ut.

Blir ikkje standarden følgt, meiner Maika Godal Dam det må vere mogleg for leigetakar å melde frå om avvik.

– Ved manglar bør utleigar stå ansvarleg for å rydde opp, utan at leigetakaren blir straffa med oppseiing og manglande tak over hovudet.

NSO meiner denne «EU-kontroll»-ordninga òg bør gjelde Studentsamskipnadene.

– SHoT-tala viser at det er behov også hjå samskipnadane, konstaterer ho.

Fleire studentar trivst dårleg med busituasjonen.

I 2022-utgåva av Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) kjem det fram at trivselen er høgast blant dei som bur i bustad som dei eig sjølv og lågast blant dei som bur i bustad eigd av Studentsamskipnaden.

Det har vore ein svak auke i delen studentar som svarar at dei trivst dårleg med busituasjonen sin. Det er tilsvarande ein svak nedgang i studentar som trivst godt med busituasjonen.

9 prosent svarar at dei trivst dårleg, og 76 prosent at dei trivst godt med busituasjonen. I 2010, då undersøkinga starta, rapporterte 6 prosent om dårleg trivsel og 83 prosent om at dei treivst godt.

Interessant forslag

– Dette synest vi er eit positivt og interessant forslag, skriv statssekretær i Kommunal- og distriktsdepartementet Nancy Charlotte Porsanger Anti om NSO sitt «EU-kontroll»-forslag.

Ho fortel at dei no vurderer ulike tiltak som kan bidra til at både leigetakarar og utleigarar får betre informasjon og at begge partar føler seg trygge når dei inngår leigeavtalar.

– Eg veit at andre aktørar arbeider med eit liknande konsept, kalla «Boligmerket». Vi støttar opp om slike initiativ frå utleigeaktørane og dei som representerer leigetakarane, skriv statssekretæren på e-post til Framtida.no.

Ho legg til at dei kjem til å invitere til eit møte i departementet for å høyre meir om korleis ei merkeordning for leigemarknaden kan fungere i praksis.

Statssekretær Nancy Charlotte Porsanger Anti (Sp). Foto: Foto Trond A. Isaksen

Anti understrekar at Husleigelova er det viktigaste verkemiddelet for trygge forhold på leigemarknaden. Departementet kartlegg no om det er behov for å revidere lova.

Husleigetvistutvalet (HTU) er eit anna verkemiddel som eg trur altfor få er klar over. Dersom det oppstår konfliktar i leigeforholdet, tilbyr dei rask og rimeleg tvisteløysing. HTU gir òg informasjon og rettleiing om husleigelova.

Dessutan meiner statssekretæren vi treng fleire gode leigebustader, særleg i dei store byane, og vil mobilisere både privatpersonar og store, langsiktige utleigarar.

– Fleire studentbustader vil òg få ned presset på leigemarknaden. Her skal vi få opp byggetempoet, og målet er 3 000 nye bustader i året.

Flest leiger

I SHoT-undersøkinga rapporterer over halvparten av studentane at dei bur hos privat utleigar.

Det er dei yngste studentane som i størst grad svarar at dei bur saman med vennar eller i kollektiv. Det er òg fleire mannlege studentar som bur med vennar eller i kollektiv.

Uroa for økonomien

Levekårsundersøkinga for studentar 2021 stadfestar at ein stor del av studentane si inntekt går til å dekkje buutgifter. Dette gjeld i særleg grad blant yngre studentar som får lån og stipend frå Lånekassen.

55 prosent av heiltidsstudentane med jobb svarar at dei arbeider for å dekkje naudsynte utgifter til mat og bustad. 48 prosent svarar at dei har jobb fordi støtta frå Lånekassen ikkje strekk til.

30 prosent av studentane i Noreg bur i eit hushald med svært tyngande buutgifter.

NSO-leiaren er uroa over studentane sin økonomiske situasjon. I SHoT-undersøkinga svarar 84 prosent at dei har hatt inntektsgivande arbeid ved sidan av studiet.

28 prosent svarar at dei det siste året ville hatt problem med å klare ei uføresett utgift på 5000 kroner.

– Nok ein gong får vi tal som stadfestar det vi veit, at studentøkonomien ikkje strekk til for å dekkje naudsynte utgifter i kvardagen, seier Maika Godal Dam.

– Vi fryktar at det betyr at studentane i større grad må bruke mindre tid på studia, som jo er det ein skal som student.