Ein av ti nordmenn fastar periodisk jamleg – er det lurt?

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Dei siste åra har fastetrenden fått større fotfeste i Noreg. Ni av ti opplyser at dei kjenner til omgrepet periodisk fasting og ein firedel av oss har allereie testa det ut.

Anne Zondag, samfunnsanalytiker i MatPrat. Foto: Matprat

– Fasting har vore eit element i kosthaldet til folk lenge. Det er eit fenomen vi finn fleire eksempel på gjennom historia. Før var kanskje fasting noko folk assosierte med religiøs praksis eller bestemte livsstilar. Men dei siste par åra har det vore meir snakk om fasting i eit breiare lag av befolkninga der både helse og velvære har blitt løfta opp, seier Anne Zondag, samfunnsanalytikar i Matprat, til Nynorsk pressekontor.

Kort fortalt handlar periodisk fasting om å la vere å ete eller å ete veldig lite i ein viss periode.

Nokre vel å følge 5:2-varianten. Då et ein som vanleg fem dagar i veka, og på to valfrie dagar et ein ingenting eller svært lite. Andre vel å avgrense etinga til eit gitt intervall gjennom dagen. For eksempel at ein berre et mellom klokka tolv og seks på dagen og går utan mat resten av døgnet. Faktisk så er det vanleg for folk flest å faste litt kvar dag. Om natta et vi som regel ikkje, og då er kroppen i det ein kallar nattfaste.

Mange føler seg for tunge

I ei Opinion-gransking vart 1600 nordmenn mellom 18 og 50 år spurde om kosthald og matvanar. Dei fleste svarar at dei har gjort bevisste endringar i kosthaldet, og ein tredel av oss følger ein diett eller ein type kosthald.

– Vi lever i ein kultur som oppfordrar folk til å gjere forbetringar i livet, der alle har eit potensial til å vere ei betre utgåve av seg sjølv. Diett handlar om kroppen som prosjekt og handlar meir om å finne dei riktige svara på god helse og eit godt liv. Der religion og knappheit skapte rammer og grenser før, har vi no helse og velvære som lagar dei nye reglane for kva vi skal ete. Mange vil nok seie at det å vere opptatt av kropp og helse har blitt ein slags ny religion, seier Zondag.

Det er generelt sett ikkje nokon føringar på kva ein skal ete om ein følger fastedietten, men ein bør velje variert og næringsrik mat. Foto: Matprat

Ho trur også at det at mange av oss føler oss litt for tunge spelar inn på kva vi tenker om kosthaldet vårt. I undersøkinga oppgir over halvparten at dei er motiverte av eller kunne blitt motivert til å følge ein diett på grunn av eit behov for å gå ned i vekt.

– Vi ser at motivasjonen til folk er litt avhengig av kvar ein er i livet. Den yngre generasjonen skil seg litt ut ved å vere opptatt av korleis kosthald kan fremje prestasjonar. Dei som er litt eldre er meir opptatt av å gå ned i vekt og å få meir overskot. Når det gjeld periodisk fasting er hovudmotivasjonen gjerne vektnedgang for dei fleste, men mange vil kjenne på at dei også føler på meir overskot og betre balanse i livet.

Trend eller løysing?

Ein av ti nordmenn fastar periodisk jamleg, og nesten 40 prosent seier dei kan tenke seg å prøve. Men har det noko føre seg?

Kvinne i blazer

Eilin Lundekvam By, ernæringsfaglig rådgiver i MatPrat. Foto: Matprat

– Noko forsking peikar mot er at det å ete mindre på kvelden er kopla til lågare kroppsvekt, og at det å ete tidleg på dagen er knytt til betre blodsukkerregulering. Periodisk faste kan vere nyttig for å gå ned i vekt, men effekten er tilsvarande ein diett med vanleg, kontinuerleg kalorireduksjon, seier Eilin Lundekvam By.

Ho er seniorrådgjevar for ernæring i Matprat. Ho legg til at det framleis er mykje ein ikkje veit om fasting, og sjølv om nokre hevdar fasting kan førebygge eller forbetre visse sjukdommar, er forskinga på området framleis svært avgrensa.

– Eg trur fastetrenden kan appellere til folk fordi det kan verke lettare å følge éin regel, å avgrense matinntaket innanfor ei gitt tidsperiode, enn å skulle følge ulike kosthaldsråd om forskjellige matvarer og næringsstoff, seier Lundekvam By.

Gode råd

For dei som vil prøve ut periodisk fasting, kjem ernæringseksperten med nokre tips.

– Kroppen vår reagerer ulikt på å få lite eller ingen mat. Så det er lurt å ikkje gjere det når ein skal prestere på jobb eller trening – for ein vil helst kunne ta det litt roleg. Ein bør også passe på å få i seg nok vatn, og når ein først et, bør ein velje variert og næringsrik mat.

Lundekvam By opplyser vidare at det ikkje er farleg for ein frisk kropp å gå ein dag eller to utan mat eller med veldig lite mat. Vi har energilager å ta av, så det toler kroppen.

Det er generelt sett ikkje nokon føringar på kva ein skal ete om ein følger fastedietten, men ein bør velje variert og næringsrik mat. Foto: Matprat

Ho åtvarar derimot mot å berre hoppe på diettar og lage reglar for kosthaldet, og oppfordrar heller til å finne gode matvanar ein trivst med og som varer. Nokre bør unngå fastediett heilt, for eksempel gravide, ammande, barn og unge, eldre og personar med eit vanskeleg forhold til mat.

– Som andre diettar kjem også denne med ein regel ein skal følge, og det kan bli for restriktivt for nokre og kan trigge eit meir anstrengt forhold til mat. Fasting kan også vere utfordrande sosialt. For eksempel, om du driv med forlengd nattfaste og ikkje skal ete etter klokka seks på ettermiddagen, kva då med dei gode middagskveldane med vennar?

Flest kvinner har prøvd

Generelt sett var det fleire kvinner enn menn som sa at dei kjenner til og har prøvd ut fasting og andre diettar. Lundekvam By trur dette handlar om ei generell innstilling hos kvinner.

– Eg trur det kan henge saman med at kvinner generelt er meir opptekne av å ete sunt, og dermed viser meir interesse for forskjellig kosthaldsinformasjon og diettar som dukkar opp i ulike kanalar, seier ho.

Granskinga viser at nokre kvinner meiner det å følge ein diett hindrar dei i å leve vanlege liv. Samfunnsanalytikar Anne Zondag trur dette mellom anna har med kjønnsroller å gjere.

– For det første opplever kvinner fleire kosthaldsforventningar og meir press på vekt og kropp, og nokre studiar viser at kvinner er meir vande til å tilpasse eigen kropp til omgjevnadane sine enn menn. Kvinner har oftare ansvaret for matlaginga og kosen i heimen. Det gjer at dei står i fleire freistingar enn dei som ikkje lagar maten, og slik sett vil diettar avgrense sosiale settingar. Det er også eit ideal å avstå frå mat i kulturen vår. Det er eit teikn på at ein klarar å beherske seg sjølv. Frå naturen si side, treng kvinner mindre mat enn menn, men føler framleis det same presset utanifrå. Det gjer at vi kvinner må avgrense oss meir for å halde vekta.

Zondag understrekar at synet vårt på kropp, kosthald og mat er samansett.

– Eg trur litt av grunnen til at fleire tyr til fasting er for å beskytte seg mot trykket frå utsida. No er tilgangen på mat enorm og vi et meir enn før. Sterke marknadskrefter styrer mykje av omgjevnadane rundt oss, og vi opplever eit kommersielt trykk på at vi skal kjøpe meir. Fasting er på ein måte ei forenkling av det å ete, og for mange er det deilig å sleppe å tenke på mat, seier ho.


Else står i grøne paljettklede framføre ein pressevegg og smiler.

Else Kåss Furuseth etterlyser meir handlekraft frå politikarane når det gjeld fedmeproblematikken i Noreg. Foto: Tuva Åserud / NTB / NPK