Else Kåss Furuseth: – Politikarane gjer for lite for å førebyggje fedme

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Eg tenkjer at det blir gjort altfor lite politisk og synest det er rart at regjeringa presenterer ei folkehelsemelding utan å nemne noko spesifikt om fedme, seier Else Kåss Furuseth til NTB.

I NRK-serien «Helsekost Furuseth» prøver programleiar Furuseth saman med fire andre som også har fedme, å gå ned i vekt. Dei viser kor vanskeleg det er på individnivå å få bukt med fedme i dagens samfunn og ber politikarane gjere meir.

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) er samd i at det blir for lite gjort i dag og har sett ned ekspertutval for å sjå på ulike tiltak.

Dei siste 50 åra har andelen overvektige i Noreg auka, og i dag har ein av fire vaksne fedme. Det blir rekna som ei av dei største folkehelseutfordringane og kostar samfunnet dyrt.

Leggje til rette

Furuseth meiner det finst flust av grep som helseministeren kan ta:

  • Auke behandlingstilbodet for personar med eteforstyrringar.
  • Sørgje for at dei mest effektive slankemedisinane er på blå resept.
  • Regulere marknadsføringa av usunn mat betre.
  • Gjere sunn mat billigare.
  • Auke sukkeravgifta.

– Dette er interessante forslag som nok vil ha effekt, men det er viktig for oss at vi har ei heilskapleg tilnærming og treffer den rette kombinasjonen av tiltak, skriv Kjerkol i ein e-post til NTB.

Vidare skriv ho at det er sett ned eit utval som skal vurdere grep for å få kontroll på fedmeproblematikken fordi regjeringa vil vere sikre på at eventuelle tiltaka treffer rett.

– Det er openbert at vi som samfunn ikkje har gjort nok, for problemet har jo berre auka over fleire tiår. Usunt kosthald og fedme er ei av hovudårsakene til sjukdom og tidleg død hos nordmenn. Slik skal vi ikkje ha det, understrekar helseministeren.

Kvinne med kort blondt hår med folda hender og eit tenkjande blikk.

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) har sett ned eit utval for å finne treffsikre tiltak for å få bukt med fedme og overvekt i Noreg. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

– Ansvaret for samfunnet

Auka grensehandel blir ofte brukt som argument mot å innføre avgifter, men tidlegare i år kom FHI med tal som viser at fjerning av sukkeravgifta i 2021 ikkje hadde nokon effekt på grensehandelen.

– Eg avviser på ingen måte at sukkeravgift kan vere ein del av ein heilskapleg strategi, men eg vil vente på det eksterne utgreiingsarbeidet vi har sett i gang og sjå nærare på deira forslag før vi tek stilling til dette, seier helseministeren.

– Utvalet skal også sjå på eventuelle verkemiddel for å gjere sunn mat billigare, noko som kan vere like viktig som å gjere usunn mat dyrare. Ekspertutvalet skal likevel ikkje vurdere endringar i meirverdiavgiftssystemet, altså momsen, legg ho til.

Når det gjeld reklame mot mindreårige vart det kjent tidlegare denne veka at eit fleirtal i Stortinget vil ha lovforbod mot reklame for usunn mat og drikke for barn under 18 år.

– Endeleg, seier Furuseth til det.

Må vere politiske vilje

Overlege Haakon Eduard Meyer ved Folkehelseinstituttet (FHI) er også tydeleg på at samfunnet har eit ansvar.

– Det er heilt klart at samfunnet må gjere meir for å leggje betre til rette for å ta sunne val. Men det må vere politisk vilje, og ein må få med befolkninga på det, seier han til NTB.

Han seier vidare at fedme er eit problem i veldig mange land i heile verda, og at ein skal leite lenge for å finne eit land som har fått bukt med problematikken.

Samansett årsak

Det er eit vanskeleg tema, seier Meyer. Inaktivitet og usunn hurtigmat blir peika på som årsaker til auken av fedme i befolkninga, men ei rekkje andre faktorar kan ha mykje å seie hos den enkelte.

– Det som passar for ein person, kan vere heilt feil for ein annan. For nokon kan det å vere aktiv og ete annleis vere løysinga, medan andre har underliggjande psykiske problem som gjer at ein et meir, seier han.

Årsaka til at stadig fleire får fedme i Noreg er samansett, og det finst derfor ikkje éi løysing, ifølgje Meyer. Førebygging er det første steget for å betre folkehelsa, meiner han.

Om førebygging av fedme i Noreg ser han likevel antyding til framgang. Ny data tyder på at andelen barn med overvekt og fedme har stabilisert seg. Om lag eitt av seks barn og unge var overvektige eller hadde fedme i 2010, og talet er omtrent det same i dag.

Realistisk forhold

Då Furuseth sette i gang med serien, var ho oppteken av at ho ikkje skulle handle om folk som slankar seg.

– Tidlegare tenkte eg at eg skal bli heilt annleis kvar gong eg prøvde å gå ned i vekt, og hadde eit «før og etter»-syn på det. No har eg fått eit realistisk forhold til vekt og vorte meir oppteken av det kjedelege, som søvnkvalitet og det å gå ned 10 til 15 prosent, seier Furuseth.

Else ligg i eit badekar med ostepop og held ein donut i handa.

Else Kåss Furuseth har laga nytt program om livsstilsendring. Foto: NRK

For enkelte vektgrupper kan ein vektnedgang på eit bestemt prosentanslag gi god helsegevinst. I serien møter Furuseth og gruppa fleire ekspertar på kosthald og helse. Gjengen får kunnskap som skal hjelpe dei å ta sunne val for seg sjølv, og dei oppmuntrar kvarandre undervegs.

– Formålet med serien er å vise at fedme er ulike ting. Eg har lenge tenkt at å vere tjukk er eit problem som må løysast. Ikkje berre er det feil, men det er også sårande, seier Furuseth.


Ung kvinne i kvit t-skjorte og kollasj med Else Kåss Furuseth i badekar med ostepop og doughnut

Foto: Press / NRK, kollasj Framtida.no