Ein av ti elevar på vidaregåande har eteforstyrringar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av tre jenter i alderen 16–19 år på vidaregåande opplever i tillegg store problem når det gjeld mat, kropp og eting, skriv Aftenposten.

– Studien vår viser at eteforstyrringar ikkje er uvanleg lenger, tvert imot. Tala er urovekkjande høge, seier seniorforskar Camilla Lindvall Dahlgren til avisa. Ho jobbar på regional seksjon for eteforstyrringar (RASP) ved Oslo universitetssjukehus og har leidd undersøkinga.

Studien viser at ein av fem er i risikosona for å bli sjuke. I ein skuleklasse med 30 elevar på vidaregåande vil altså seks elevar vere i ei risikogruppe. Tre vil ha utvikla ei eteforstyrring.

Sosiale medium påverkar truleg

Dahlgren påpeikar at førekomsten av anoreksi er sju gonger høgare no enn for vel 20 år sidan. Ho trur sosiale medium speler ei viktig rolle for utvikling av eteforstyrringar.

– Alle har ein mobiltelefon i lomma og kan samanlikne seg med andre heile tida. Det er truleg ei viktig årsak til at så mange fleire blir sjuke no, seier ho.

Undersøkinga vart utført mellom november 2020 og mai 2021. Over 1.500 ungdommar svarte på spørjeskjema. I tillegg vart 99 personar intervjua. Artikkelen er til vurdering ved det fagfellevurderte, internasjonalt anerkjende tidsskriftet International Journal of Eating Disorders, men er enno ikkje publisert.