Ordliste for kjøtfrie diettar – kven et kva?

Edvard Storm Simonsen
Publisert

Vegetarianar

Ein vegetarianar er ein paraplynemning om ein som heilt eller hovudsakleg et mat frå planteriket. Det finst ulike typar vegetarianisme. Kva typar som finst, kjem vi tilbake til. 

Teikning av grønsaker

Skechify Spain / Canva

Lakto-ovo-vegetarianar

Har eit hovudsakleg plantebasert kosthald, men et meieriprodukt og egg. Lakto kjem frå det latinske lac som betyr mjølk og ovo kjem frå ovum som er latin for egg. 

Ein lakto-vegetarianar er ein som ikkje et egg og ein ovo-vegetarianar er ein som ikkje et meieriprodukt. 

Teikning av kartong med mjølk og eit kokt egg delt i to

Trendify / Skechify / Canva

Pescetarianar

Pescetarianarar et plantebasert, men et i tillegg fisk og animalsk sjømat. Nokon pescetarianarar et meieriprodukt og/eller egg, andre gjer det ikkje.

Skål med biter av rå laks i

Hình anh cua / Canva

Veganar

Veganarar et ikkje kjøt, fisk, meieriprodukt, egg, honning eller noko av animalsk opphav. Dei brukar heller ikkje ull, skinn, dun eller noko form for produkt som er henta frå, eller testa på dyr.

Hovudfilosofien er å ikkje utnytte, skade eller gjere vald mot andre levande vesen. Vart anerkjend som livssyn i 2015 av Likestillings- og diskrimineringsombodet, (men fekk avslag frå Statsforvaltaren på søknaden om å bli eit offentleg godkjend livssynssamfunn i 2021). 

Det står "#Vegan" på ei tavle med ein tallerken med to knekkebrød på pålegg i forgrunnen

Tima Miroshnichenko / Canva

Fleksitarianar

Reglane for fleksitarianarar er, kanskje ikkje så overraskande, fleksible. Nokon et til dømes ikkje kjøt heime, men et det viss dei får det servert på middag hos andre eller på restaurant (vert ofte kalla «social omnivores» eller altetande i sosiale samanhengar på norsk). Andre har ingen spesielle reglar, men gjer ein innsats for å ete mindre kjøt. 

Firkant med teksten "No rules"

Dess Dagang’s Images / Canva

Ostroveganar

Et vegansk, med unntak av muslingar. Dei meiner det er etisk akseptabelt fordi muslingar ikkje har noko sentralnervesystem og derfor ikkje kan føle smerte, akkurat som plantar. 

Blåskjell i ei skål med grøn garnityr

Rita E / Canva

Pollotarianar

Et kylling og anna fjørfe, som kalkun, gås og and, men held seg unna raudt kjøt som storfe, lam og svin. 

To rå kyllingbryst

alleksana / Canva

Raw vegan / råveganar

Veganar som heller ikkje et mat som er prosessert eller treng prosessering eller oppvarming for å kunne etast. 

Salat på tallerken

Einladung_zum_Essen / Canva

Freegan / Friganar

Et mat som dei meiner vert unødvendig kasta. Driv med «dumpster diving», der dei leitar i søppelkassar, særleg utanfor butikkar og leiter etter mat butikkane har måtta kaste fordi utløpsdatoen har gått ut, til dømes. 

Teikning av person som bøyer seg ned i søppelkasse

Andy (Noun Project) / Canva

Fruktianar

Et berre frukt, bær, nøtter og frø, og eventuelt andre ting som ein kan sanke utan å drepe eller skade planten det veks på. 

Teikning av fruktskål med eple, ananas, pære og klementiner

Trendify / Canva