«Dei aller fleste med ei eteforstyrring er faktisk normal- eller overvektige»

Kvinne med blondt hår og kvit genser

Marianne Clementine Håheim
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

2. juni vert Verdensdagen for eteforstyrringar markert. Etter pandemien har det vore stort fokus på auken i barn og unge med anoreksi, og det er viktig.

Samtidig er vi i ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser bekymra for at myten om at eteforstyrringar synest utanpå, gjerne i form av undervekt, med dette vil styrkast.

Underkommunisert problem

Dei aller fleste med ei eteforstyrring er faktisk normal- eller overvektige, og den mest utbrente diagnosen er ikkje anoreksi, men overetingsliding.

Det vert estimert at 2–3 % av Noregs befolkning har ei overetingsliding. Det er truleg store mørketal her, ettersom det finst lite forsking på lidinga. Dessutan er det endå fleire som vil vere i gråsoner kor kropp, mat og vekt tar stor plass, men ikkje så stor at ein ville fått ei diagnose. Dette er eit underkommunisert problem som rammer mange.

For mange med overetingsliding starta problema tidleg – kanskje så tidleg som på barneskulen – og mange strevar i årevis før dei oppsøkjer hjelp.

Undersøkingar som ROS har gjennomført i samband med prosjektet «Få bukt med overspisning», der 153 deltakarar svarte, viser at 86 % hadde slite med overspisningsproblematikk i 11 år eller meir. 66 % hadde slite i 16 år eller meir.

Over 40 % hadde aldri oppsøkt hjelp, medan 30 % hadde oppsøkt hjelp, men ikkje fått det. Omlag 2/3 av deltakarane var i aldersgruppa 26–45 år, noko som fortel oss at dei fleste har slite veldig store deler av livet sitt.

Det har aldri vore meir fokus på kropp, mat og vekt

Vekta i befolkninga aukar, og det har aldri vore meir fokus på kropp, mat og vekt, eller tiltak retta mot livsstil og vektreduksjon. Vi stigmatiserer og sjukeleggjer overvekt, og mange søkjer konservative løysingar i håp om å få bukt med vekta.

Psykisk helse i fedmebehandling

Mange, inkludert fleire av dei som sjølv slit, reduserer overvekt til et spørsmål om manglande sjølvdisiplin, latskap og for lite kompetanse kring kosthald og fysisk aktivitet. Trass i at stadig ny forsking viser at livsstilsbehandling for fedme ikkje verkar, held vi fram med å pøse på med meir av gamal medisin. Det er på tide å flytte fokus frå kva ein et, til kvifor ein et.

Anslag tyder på at så mange som 20–30 % av dei med kroppsmasseindeks (BMI) over 27, tilfredsstiller diagnosekriteria for overetingsliding, og førekomsten aukar med aukande overvekt.

Trass i at ein så stor del overvektige har et overetingsproblem, er det lite fokus på den psykiske helsa i fedmebehandling. Undersøkingar tyder på at mange tilfelle av eteforstyrringar ikkje vert fanga opp i helsevesenet.

Mat som meistringsstrategi

Når ei overetingsliding ikkje vert oppdaga, vil personar med overvekt som regel få tilbod om hjelp som dreier seg om kosthald, aktivitet, og i aukande grad fedmeoperasjon. Dei nemnde tiltaka angriper overetinga som eit symptom, men tek på ingen måte tak i det underliggjande problemet.

Menneske med eteforstyrringar bruker mat for å meistre eller døyve vonde tankar og følelsar. Den psykiske sidan av svolten må derfor også behandlast.

Det verste er ikkje at ein bruker enorme pengesummar på behandling som ikkje har effekt. Det verste er at fedmebehandlinga vi har i dag, for mange kan gjere vondt verre.

Menneske med overvekt og fedme veit som oftast svært godt kva som er sunt og ikkje. Dei har gjerne i overkant strenge reglar for kva som bør og ikkje bør etast, og ei lang liste over «nei-mat».

Dette vert underbygga i ei masterstudie av Mari Raavand, som løftar brukarerfaringer om korleis personar med overetingsliding vert møtt i norsk helsevesen. Deltakarane fortel at helsepersonell ofte forenkla eteproblematikken til å handle om kunnskapsmangel om livsstil. Deltakarane fortalde at dette medførte høgt stressnivå knytt til kropp og mat, i tillegg til ei følelse av å vere mislykka. Auka overeting vart ofte oppgitt som eit resultat av slike møter.

Sjå hele mennesket

Som andre former for eteforstyrringar handlar overspising ofte om låg sjølvkjensle, samt at tankar rundt kropp, mat og vekt tek så stor plass at det svekkar livskvaliteten. Då hjelper det lite å fokusere endå meir på nettopp dette.

Ein må sjå heile mennesket – ikkje berre overvekta. Dette er ekstra viktig i møte med barn med overvekt, ettersom vi veit at eit stort fokus på kropp og vekt i barnealder kan trigge negativt kroppsbilete og eit vanskeleg forhold til mat som kan vare resten av livet.

Stort fokus på kropp og vekt i barnealder kan trigge negativt kroppsbilete

Uavhengig av uttrykk, er eteforstyrringar alvorlege psykiske lidingar som kan ha alvorlege konsekvensar både fysisk, psykisk og sosialt. Det er på høg tid å bryte mytane og fjerne skamma rundt overetingsliding. Ikkje minst må denne gruppa få et hjelpetilbod å gå til.

Eteforstyrringar rammer alle aldrar, alle kjønn og uavhengig av vekt. Skal ein klare å gi menneske som strevar, verksam hjelp, må forståinga av dette aukast – både på samfunnsnivå og i helsevesenet.


Daniel Spjeld. Foto: The Human Aspect og Matias Hagen