Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

I mars kom nyheita om at Framtida Junior er kåra til Årets nynorskbrukar 2023 av Nynorsk kultursentrum. Torsdag 8. juni vart prisen delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta.

Set barnet i sentrum

I grunngjevinga til prisutdelinga skriv Nynorsk kultursentrum:

«Framtida Junior byggjer på ein lang nynorsk tradisjon for å setje barnet i sentrum i barneformidlinga – frå Norsk Barneblad og Rasmus Løland og fram til i dag. Samstundes har dei fornya tradisjonen og møter barna med aktuelt innhald på flatene dei allereie er på. Det har vore fleire forsøk på barneaviser sidan 2010, men berre to har overlevd: Aftenposten Junior og Framtida Junior. I eit medielandskap der nynorsk er lite synleg i dei nasjonale dagsavisene, har dei gjort nynorsk meir tilgjengeleg for barn både i papiraviser og digitalt», heiter det i grunngjevinga.

Foto: Svein Olav Langåker og ein klasse ved Kinsarvik skule på journalistkurs i regi av Framtida Junior. Fotograf: Framtida Junior

– Søkt råd hos barn

– Vi har heile tida søkt råd hos barn om kva dei har lyst å lese om. Vi arbeider litt etter den same demokratiske tanken som Ivar Aasen gjorde då han var i 20-åra. Kven som helst skal få delta i samfunnet og seie si meining. Barna skal få seie kva dei meiner og delta i ordskiftet, sa Svein Olav Langåker, då han tok i mot prisen under Festspela.

Prisen Årets nynorskbrukar, som er på 100.000 kroner og eit diplom, blir delt ut av styret i Nynorsk kultursentrum til ein person eller institusjon som syner evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, og som gjer det lettare å vere nynorskbrukar gjennom sitt føredøme.

Framtida Junior er søsteravisa til Framtida.no. Framtida Junior er eit samarbeid mellom ABC Startsida, stiftinga Magasinett og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Fleire lokalaviser samarbeider om å gi ut papiravisa.


Her kan du lese nokre av sakene frå Framtida Junior:

Les også: Martim (10) kjende seg utanfor og lei seg. Så oppdaga han ei ny moglegheit

Martim Santos (10) syntest det var kult å oppdage ein idrett som han kunne verte god i. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

TIDLEGARE VINNARAR AV ÅRETS NYNORSKBRUKAR

2022: Klimaforkjempar og forfattar Gaute Eiterjord

2021: Bergen kommune

2020: Lege, spesialist i samfunnsmedisin, professor i helsefag Geir Sverre Braut

2019: Frisørkjedene Floke og Balanzera ved adm.dir. Irene Stana og eigar Trude Lundevall

2018: Høgres generalsekretær John-Ragnar Aarset

2017: Generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef Etterretningstenesta