Martim (10) kjende seg utanfor og lei seg. Så oppdaga han ei ny moglegheit

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka stod først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg få handballtips av Bjarte Myrhol og lese om familien som lever som vikingar heile sommaren.

For fire år sidan flytta Martim Santos med familien til Noreg frå Portugal.

Då han var yngre, fortel han at klassekameratane var glade i å spele fotball, men han kunne ikkje delta sjølv. Martim har nemleg ein medfødd skade i ryggen, som gjer at han sit i rullestol.

Trenaren til Martim seier at han må halde fram med å trene, så han kan bli skikkeleg god. Foto: Privat.

– Eg følte meg ganske lei meg og litt utanfor. Då eg prøvde å spele fotball, følte eg at eg ikkje kunne hjelpe til med noko. Det er vanskeleg i ein rullestol, seier han.

– Ganske kult!

I Noreg fekk Martim tips om å byrja med el-innebandy, der alle spelarane sit i ein elektrisk rullestol. Han vart med på ei trening. Først var han litt nervøs, men det vart ei god oppleving.

– Eg trong ikkje sjå på dei andre og tenke at eg ikkje kunne gjere det same. Eg kunne gjere ting som eg ikkje trudde eg kunne gjere. Det er ganske kult! seier Martim.

Martim seier at han liker å drive med ein sport som han kan gjere det godt, bidra og skåre mål i. Han føler seg inkludert. No går han på innebandy-trening kvar onsdag og fredag, og han har også vore med på turnering.

– No har eg ikkje lyst å drive med fotball lenger, seier han.

Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Må aldri slutte

Martim synest det er kjekt å vere del av eit lag og få nye vener. Han får også sjå andre som er i same situasjon som han. Før har han ikkje sett så mange andre som sit i rullestol. Dei skjønar korleis kvarandre har det.

– Vi kan snakke om fleire ting som handlar om oss, seier han.

Martim har også fått gode tilbakemeldingar frå innebandy-trenaren.

– Han seier at eg aldri må slutte å trene, så eg kan bli ordentleg god.

Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg


Mia Rusthen vil verte verdas beste roadracer. Foto: Privat Foto: Morten Opedal