Benjamin kan leve som den han er: – Eg føler meg friare

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein kortare versjon av denne teksten vart først publisert i Framtida Junior si utgåve om mental helse.

Det var midt i ein skuletime medan han gjekk i 7. klasse, at tanken streifa Benjamin Lau-Henriksen, som fram til då hadde levd med eit jentenamn:

– Eg tenkte: «Er eg eigentleg ei jente?» Og så fekk eg fullstendig panikk. Eg sat i resten av timen utan å følge med.

Han byrja å google og oppsøke meir informasjon. Han brukte tid på å ikkje berre finne ut kva som var feil, men også kva som var rett.

– Det var veldig blanda. Det var mykje nytt å tenke på, og eg var redd for at nokon skulle oppdage at eg lurte på om eg var trans.

Han frykta korleis andre ville reagere. Difor heldt han alt hemmeleg. Han brukte inkognito-modus då han googla, og oppretta eigne profilar i sosiale medium så han kunne scrolle trygt. Medan han hadde heimeskule, eksperimenterte han med heimelaga binder. Ein binder er som ein stram vest nokre brukar for å få brysta og brystkassa til å sjå flatare ut.

Den einaste han snakka med var helsesjukepleiaren på skulen. For kva om venene eller familien ville reagere dårleg?

Vanskeleg, men deilig

Skeive har oftare psykiske plager enn andre. Det å vere annleis, kan gjere at ein kjenner seg utanfor, eller vert plaga av andre.

Etter eit halvt år fortalde Benjamin det til mora si, så til venene, og så til andre på skulen.

Benjamin bruker pronomena xe og han. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Han seier at han har vore heldig. Folk har reagert positivt, og skulen har eit aksepterande miljø. I ettertid skulle han ønske at han hadde tort å gjere det før.

– Det var kjempedeilig å gå frå at det var kjipt, til at eg kunne byrje å bruke rett namn og rett pronomen. Det er godt at folk du er glad i, faktisk veit kven du er. Det er ein stor ting å halde skjult, seier han.

Han fortel at bestemora har kommentert at han smiler meir no enn han gjorde før.

– Senk skuldrene

Benjamin sitt råd til andre skeive er å prøve å senke skuldrene. Det er greitt å bruke tid på å finne fram til kva som kjennest rett. Og så er det viktig å støtte venene sine.

Sjølv har han ein besteven som også er trans. Han fortel at det var skumlare å komme ut til venene enn til dei vaksne.

– Det hadde betydd meir i kvardagen min om venene mine tok det dårleg, enn om besteforeldra mine gjorde det. Om ein framand kjeftar på meg fordi dei meiner eg er på feil do, speler ikkje det så stor rolle lenger. Eg har nok folk som er glade i meg, seier han.

Han seier også at det har betydd mykje å møte andre skeive og andre transfolk.

For å passe på si eiga mentale helse, prøver han å unngå negative situasjonar.

– Viss det er nokon som eg alltid må forsvare at eg er trans til, så unngår eg å snakke med dei, seier han.

– Er dette vanleg?

Maja Brannstorph (16) er bifil. Ho fortel at det var fleire i venegjengen som oppdaga at dei var skeive nesten samtidig.

– Vi spurte: «er dette vanleg for andre»? Det hjelpte å ha kvarandre å snakke med, fortel ho.

Ho seier at ho kjente til dei negative haldningane som finst mot skeive i samfunnet. I 2. klasse høyrde ho for første gong ordet «homo» brukt som skjellsord. Og på ungdomsskulen var det ikkje alle som var like positive til lhbt, og då ho gjekk i 9. klasse var det nokon som hadde brent Pride-flagget på skulen.

– Men det er det einaste eg har opplevd av homofobi. Eg har ikkje møtt mange fordommar, seier ho.

Lettare i dag

Maja trur nok at det er lettare for dei fleste å vere skeiv i dag enn det var for 50 år sidan.

Ho fortel at foreldra hennar alltid har normalisert ulike legningar, og at folk er opne på heimstaden hennar.

– Det var veldig viktig å vere trygg på vener og familie. Det var nok stor hjelp for at eg kom ut så tidleg, seier ho.

Skulen hennar har markert Pride, og Brannstorph meiner at ulike legningar var godt dekte i seksualundervisinga på skulen.

– Skulen har veldig mykje å seie for å normalisere ulike identitetar. Om eit par år kan det vere endå betre, om vi held fram med å markere Pride. Det er framleis nokre dårlege haldningar som heng att, seier ho.

Maja fekk eit Pride-armband av mora si, som eit teikn på støtte. Regnboga symboliserer at ein er stolt av å vere annleis frå «normalen».


Illustrasjonsfoto: Anete Lusina, Pexels.com