Nektar å spele spel der ein kan kjøpe seg til fordelar

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka vart først publisert i pengeutgåva til Framtida junior. 

– Det er irriterande når du møter ein spelar som berre har spelt i nokre få timar, men som er dobbelt så god som deg fordi dei har brukt mykje pengar, seier Magnus Brannstorph (14).

Han og Edvard Thurmann-Meland (14) er medlem i e-sportsgruppa i Nordstrand Idrettsforening i Oslo.

Dei to meiner det er urettferdig med belønningar i «loot-boksar» som kan gi spelaren fordelar i spelet. Ordet «loot» er engelsk og betyr «tjuvegods».

Ein «loot-boks» er ein overraskingspakke i eit dataspel som du kjøper for ekte pengar.

SPEL: Magnus Brannstorph fortel at han kan kjøpe ein loot-boks viss han har nokre ekstra kroner.

I nokre spel kan du få kostyme eller andre belønningar som berre endrar på utsjånaden til spelaren. Men i andre spel kan du få nye spelarar eller våpen som kan gi deg store fordelar i spelet. Til dømes dei beste fotballspelarane i Fifa.

Blir overkøyrt

Edvard og Magnus seier at dei sjølve kan finne på å kjøpe loot-boksar om dei har litt pengar til overs, men berre boksar som inneheld «skins», altså drakter eller andre justeringar på utsjånaden til spelaren.

Det er når boksane gir belønningar som gir kjøparen fordelar i spelet, det blir eit problem, meiner dei to. Dei fortel at dei held seg unna spel som tilbyr slike boksar.

– Du kan ikkje spele dei spela utan å bruke pengar. Då blir du heilt overkøyrt av andre, seier Magnus.

Edvard seier også at loot-boksar kan verte avhengigheitsskapande. I nokre tilfelle kan ein selje «skins» vidare, og tene pengar på salet.

– Det blir nesten som gambling, seier han.

GAMER: Edvard Thurman-Meland og Magnus Brannstorph unngår spel der du kan få fordelar gjennom loot-boksar.

Åtvarar: – Kan bli lurt

Helle Munthe-Kaas er leiar i ungdomsorganisasjonen for mange dataspelarar, Hyperion. Ho åtvarar mot loot-boksar.

Ho skriv at 58 prosent av gamarar mellom 9 og 18 år har brukt ekte pengar i spel. 28 prosent har kjøpt loot-boksar.

– Det er store sjansar for at born og unge kan bli lurt gjennom desse boksane, seier ho, og meiner at Noreg burde lage lovar som behandlar loot-boksar like strengt som gambling.

Ho meiner at spel som inkluderer loot-boksar eller liknande, bør merkast tydeleg. Spesielt dei som er laga for yngre spelarar.

Helle Munthe-Kaas er leiar i Hyperion Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser. Foto: Pressefoto