I heile oppveksten har Vilde Aarseth høyrt om planane om å dumpa gruveslam i fjorden der ho bur. No greidde ho ikkje å sjå på lenger – og det er ho stolt over.
mm
Marte Husabø

Saka var først publisert i Framtida Junior. Der kan du òg lese om verdas største plante og om kor vidt robotar kjem til å ta over verda

– Eg hadde ikkje anna val enn å bruka sivil ulydnad, når politikarane og staten er i ferd med å gjera noko så kriminelt, seier Vilde Aarseth (15).

Sivil ulydnad er eit verkemiddel som blir brukt for å markera at ein er ueinig i ei sak. I Noreg har det vore vanleg å nytta det i miljøsaker, som denne.

Nyleg trappa Vilde og andre representantar frå Natur og Ungdom opp i heimbygda hennar, Vevring i Sunnfjord kommune. Dei lenka seg fast til gravemaskinene til selskapet Nordic Mining, og nekta å flytta seg når politiet kom til staden.

Ho meiner nemleg at det ikkje burde vera lov til å dumpa gruveavfall i fjorden, noko staten har gitt Nordic Mining løyve til å gjera. Nordic Mining gjer ikkje noko ulovleg, sidan dei har løyve til å jobba i Vevring.

Vilde Aarseth har vakse opp i Vevring. Der kjem ho ikkje til å bli verande, viss prosjektet blir gjennomført. – Det held eg ikkje ut, seier ho. Foto: Emil Kvebæk Øvretveit/Natur og Ungdom, CC BY-ND 2.0-lisens

– Eg gjorde det ikkje berre fordi staten er i ferd med å gjera noko kriminelt, men også for livet i fjorden, og for bygda mi. Eg blei sittande heilt til dei måtte bera meg vekk, seier ho.

Har rett til å ropa høgt

Vilde beskriv det heile som eit sterkt augeblikk. For det er her ho bur og har vakse opp, og Engebøfjellet er berre eit lite stykke frå heimstaden hennar.

– Denne saka har gått føre seg heilt sidan eg var født, så eg føler at eg har rett til å ropa høgt når nokon vil øydeleggja heimstaden min, seier Vilde.

Oppveksten hennar har vore fylt av fisking og bading i dei vakre naturomgjevnadane.

– Det å bli frakta vekk frå sin eigen heimstad, er veldig tungt å tenkja på, seier ho.

Nokre dagar etter at ho vart ufrivillig fjerna av politiet, fekk ho ei bot på nesten 10.000 kroner. Ho fekk også opptrinnet på rullebladet sitt. Sjølv om ho ikkje synest det er rett, er ho villig til å ta straffa si.

Her vert Aleksander Snarheim arrestert av politiet ved Førdefjorden. Foto: Amanda Iversen Orlich/Flickr/CC BY-ND 2.0

– Fjorden er framtida vår

– Mange tenkjer nok at dette er galskap, og at me unge ikkje veit betre. Dei tek feil – for fjorden er framtida vår, seier ho.

Vilde synest at det er ein skam at Noreg vel å gå for noko som kan vera farleg for livet i havet. Landet vårt har i generasjonar levd av ressursane frå havet, og det meiner ho også at framtidige generasjonar vil gjera.

– Nordic Mining skal bruka ein av dei billigaste metodane å drive gruve på. Dei skal bruka fjelltoppkapping og dumpa 250 millionar tonn med gruveslam i Førdefjorden der torsken gyter, og laksesmolten skal kryssa.

Vilde saman med andre miljøaktivistar frå Natur og Ungdom. Foto: Emil Kvebæk Øvretveit/Natur og Ungdom, CC BY-ND 2.0-lisens

Flyttar viss prosjektet blir ein realitet

Blir det ein realitet, meiner Vilde at det vil bli vanskeleg for ho å bli verande i Vevring.

– Dumpar dei så mykje som eit gram i fjorden, har eg ikkje anna val enn å flytta. Eg ønskjer ikkje å leva med maskinstøy rundt meg, å fiska utan å få noko eteleg på kroken, eller å sjå på øydeleggingane. Det held eg ikkje ut.

No håpar Vilde at næringsminister i Noreg, Jan Christian Vestre (Ap), trekkjer tilbake driftstillatelsen til Nordic Mining.

– Eg håpar at dei heller let berekraftige arbeidsplassar få arbeida, seier ho.


Dette er striden om Førdefjorden:

  • Det norske gruveselskapet Nordic Mining, starta prosjektet med gruva i Engebøfjellet ved Vevring i Sunnfjord for snart 20 år sidan.
  • Inne i Engebøfjellet ligg Noregs største førekomst av eit mineral som heiter rutil. Dette blir mellom anna nytta i tannkrem, mat og i måling.
  • Selskapet har tidlegare fått løyve til å dumpa 250 millionar tonn med gruveslam i Førdefjorden. Dette har skapt store protestar blant miljøaktivistar, då det kan gå hardt ut over livet i fjorden.
  • Ved fleire høve har miljøaktivistar, frå mellom anna Natur og Ungdom, lenkja seg fast og blitt fjerna av politiet. Dette skjedde sist no i mai 2022.

Tyri Tvinnereim, Sigrid Hoddevik Losnegård, Johanna Haukanes Leivestad og Laura Vaagland brukar russetida si på å demonstrere mot gruvedumping. Foto: Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0
Oppdatert: onsdag 8. juni 2022 08.06

LES OGSÅ

ANNONSE